NyheterLynkurs
26.09.2014
Bjørn og Thea best lokalt
22.09.2014
Sesongens første simultanturnering blei spelt måndag 22. september. Lokalt på Os blei det ein kamp mellom to par, som til slutt blei vunne av Bjørn og Thea Hauge med 68,8 % score. Frode Dyrstad - Dag Christensen blei nummer to med 67,2 %, og Reidar Fosse - Gunnar Holm tre med 51,0 %. Tysdag ettermiddag manglar framleis resultata frå to klubbar, men Bjørn og Thea ligg så langt an til andreplass på landsbasis. Frode og Dag ligg også an til ei fin plassering, førebels nummer 6. Her er link til førebels resultat Spelinga held fram kvar måndag framover. Hugs tre ting; Reklamer for lynkursa, turen til Herdla i januar og juleturneringa 28. desember. Innbyding Herdla 10. - 11. januar
19.09.2014
Frode og Dag best måndag 15. september
16.09.2014
Spelinga måndag 15. september blei vunne med knapp margin av Frode Dyrstad og Dag Christensen. 67,9 % score på dei, medan Bjørn og Tor Anders Hauge på andreplass stoppa på 66,1 %. Dei kan i alle fall trøysta seg med at trekningspremien som var sett opp denne gongen gjekk til paret på andreplass, så det blei vin med heim til begge. Tredjeplassen gjekk til Kåre Kristiansen og Unni Skreslett. Fullstendig resultatliste med spelanalysar Neste måndag; 22. september går sesongens første simultanturnering. Samanlagt førstepremie (på landsbasis) er reise og opphald til vinnaren + makker til neste sommars EM i Tromsø, så det gjeld å koma godt igang. Turen til Herdla har no ti påmeldte. Det er plass til ca 20, så ikkje ver for sein med påmelding til Anne Merete. Hugs å reklamer for lynkursa våre i haust. Sjå sak under. Vår eiga juleturnering, som i år går søndag 28. desember er no oppretta. Link til den her. Lynkurs i oktober og november
09.09.2014
Lageleg laga for lag
09.09.2014
Hausten er tida for lag-speling, og det er rikeleg utval av lagturneringar framover. Her er ei lita oversikt over dei mest aktuelle: BM-lag, ti torsdagskveldar med start torsdag 25. september. Innbyding her. NM for klubblag, 6 rundar cupspel i perioden november til mai. Alle får spela min. 2 kampar. Påmelding/info her Haugalands-cup 2014, helga 11. - 12. oktober. Påmelding/info her Seriemeisterskapet 2014/2015 (4. divisjon). Helga 15. - 16. november og 31. januar - 1. februar. Meir info kjem. Kåre og Unni igjen
08.09.2014
For andre spelekveld på rad blei det siger til Unni Skreslett og Kåre Kristiansen. Måndag 8. september blei det 62 % score, medan Thea og Bjørn Hauge på andreplass hadde 58,3 %. Tredjeplassen gjekk til Leif Juvik og Jørn Rekkum med 57,7 %. Fullstendig resultatliste her (kortfordelingane manglar denne gongen). Vanleg speling neste måndag, før sesongens første simultanturnering går måndagen etter. Vel møtt! Kåre og Unni vann måndag 1. september
01.09.2014
Spelinga måndag 1. september blei vunne av Unni Skreslett - Kåre Kristiansen. 69,3 % score oppnådde dei, medan Reidar Dale - Tor Anders Hauge på andreplass hadde 62 %. Tredje pallplass gjekk til Thea og Bjørn Hauge med 58,3 % score. Spelinga held fram kvar måndag framover. Første simultanturnering denne sesongen går måndag 22. september. Vel møtt!
|