NyheterThea og Bjørn vann måndag 25. august
25.08.2014
Første spelekveld denne sesongen blei vunne av Thea og Bjørn Hauge. Med 70 % score var dei "ei mil" framfor Reidar Dale og Tor Anders Hauge på andreplass Tredjeplassen gjekk til Reidar Fosse og Gunnar Holm. Elles var det greit å få "prøvekjørt" nye meldeboksar som er innkjøpt til denne sesongen. Vi har no nye boksar til 18 bord i tillegg til ein del eldre boksar. Vi gav vekk ein del boksar av den gamle typen med klemme på bordet, og mykje forsvann, men framleis har vi nokre igjen. Dei som ynskjer å ha til eit bord eller to heime må bare gje beskjed. Vel møtt til ny spelekveld neste måndag! Noreg - Kina på BBO
15.08.2014
Dei norske juniorjentene møter Kina laurdag kl. 09.00, og kampen går på BBO. Best å stå tidleg opp og gjera kaffien klar! Blei dessverre tap mot Kina, men spennande kamp var det. Kampen kan sjåast i opptak her Junior-VM opnar idag
13.08.2014
Alle dei norske junior-laga er no på plass i Tyrkia. Det er opningsseremoni i kveld, og spelinga startar torsdag klokka 9 norsk tid. Nokre bilete frå Tyrkia her. Oversikt over BBO-overføringar her. For dei som er på Facebook har juniorlaga si eiga side der det kjem tekst og bilete frå VM. Her er link til sida. Link til resultat med "running scores" frå pågåande kampar her Vi ynskjer alle dei norske laga lukke til! Klubbspelinga startar måndag 25. august
06.08.2014
Klubbspelinga startar opp att etter ferien måndag 25. august. Brev blir sendt ut denne veka, og kan lesast her. Vel møtt! Intervju med Thea
03.08.2014
Snorre Aalberg har eit lite intervju med Thea på bloggen sin idag. Det kan lesast her Fredrikstad next
27.07.2014
Bridgefestivalen i Fredrikstad nærmar seg med stormskritt, men før den startar komande helg går juniorfestivalen, også den i Fredrikstad. Over 50 ungdomar frå heile landet deltek i år, ny rekord for festivalen. Har ikkje sett noko program for årets festival, men om ein køyrer same program som tidlegare år, så startar festivalen med single-turnering måndag. Frå Os er det Thea som er med, og vi ynskjer lukke til. Resultat mm frå juniorfestivalen kjem truleg her Info, resultat ect. frå Bridgefestivalen som startar fredag 1. august her Program hovudturneringane her Tester publisering
29.06.2014
Bare ein test. Juniorjentene trener til VM
08.06.2014
Junior-VM i Tyrkia nærmar seg med stormskritt, og junior-jentene brukte pinsen til samling på Os. Det blei tre dagar med intensiv trening, både teori og praksis. På biletet ser vi frå venstre: Sven-Olai Høyland (lagleiar), Rosaline Barendregt (Coach), Thea Lucia Indrebø, KGB Klyve-Gulset, Sofie Græsholt Sjødal, Nesodden BK, Katarina Ekren, Bergen Akademiske BK, Marte Haugen Klingen, Orkdal BK og Thea Hove Hauge, Os BK. Junior-VM går i tidsrommet 13. - 23. august i Istanbul. Os og Fusaposten laga og sak frå samlinga. Den kan lesast her
|