NyheterThea speler junior nordisk par
15.04.2014
Ope nordisk meisterskap for junior-par blir spelt i Ørebro, Sverige, i påskehelga. Det er kombinert junior-leir og nordisk meisterskap. Thea speler nordisk saman med Marte Haugen Klingen frå Orkdal BK. Juniorleiren opnar onsdag, og nordisk blir spelt laurdag og søndag. Om det blir BBO-overføring frå turneringa er uvist, men resultata kjem i alle fall her Vi ynskjer lukke til!
Jørn og Frode vann måndag 14. april
14.04.2014
Sigeren siste spelekveld før påske gjekk til Jørn Rekkum - Frode Dyrstad med 63,2 % score. Tor Anders Hauge - Dag Christensen blei nummer to med 59,7 %, og tredjeplassen gjekk til Inger Marie Johansen - Vilhelm Berge med 52,1 %. Fullstendig resultatliste og spelstensilar Har lagt på dubble dummy-analyse på spelstensilane denne gongen. Kanskje ikkje lett å lesa med ein gong, men i såfall ei grei påskenøtt å finna ut av :) NB! Neste måndag; 21. april er 2. påskedag og ikkje speling. Måndagen deretter er det speling som vanleg. Då speler vi sesongens siste simultanturnering. God påske! BAK vann Pokalkampen- Sven-Olai og Hilde beste par samanlagt
07.04.2014
Andre kveld av årets Pokalkamp blei spelt måndag 7. april. BAK leia kampen klart etter første kveld, og auka den på heimebane. BAK vann dermed årets Pokalkamp. Resultatliste samanlagt parvis er ikkje rekna, men av dei som har spelt begge kveldane er Hilde Larsen og Sven-Olai Høyland klart best med 64,8% score første kveld og 65,0 % andre. Resultat andre kveld Pokalkampen Spelinga på Studentsenteret var og simultanturnering. Resultat på landsbasis blir oppdatert her. Endeleg resultat er truleg klart tysdag ettermiddag Vi speler som vanleg måndag 14. april. Skulle det vera BAK-spelarar som les dette må dei og gjerne møta i Eldresenteret kl 18.30 neste måndag. Vi har plass til alle som ynskjer å spela. Vel møtt!
BAK leier pokalkampen – Jørn og Joleiv toppa første kveld
01.04.2014
Første kveld av Pokalkampen mellom Os og BAK blei spelt måndag 31. mars. Det var speling på Os først i år, og vinnar av kvelden blei Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit med 67,2 %. Sven-Olai Høyland - Hilde Larsen blei nummer to med 64,8 %, og tredjeplassen gjekk til Frode Dyrstad - Tor Anders Hauge med 61,5 %. Fullstendig resultatliste og spelstensilar her Samanlagt har BAK tatt ei klar leiing med + 198 poeng. Os har minus 218. (Heggland/Andreassen utgår frå samandraget). Pokalkampen blir avslutta med speling på Studentsenteret komande måndag – 7. april. Også spelarar/par som ikkje spelte første kveld kan spela. Spelinga startar presis 18.30 på Studentsenteret. Dei som ynskjer skyss kan møta ved Kyrkjetunet kl 17.30. Vel møtt! Åse Bauge og Gunnar Holm toppa 24. mars
25.03.2014
Simultanturneringa måndag 24. mars fekk Åse Bauge - Gunnar Holm som vinnar lokalt på Os. 62,1 % score på dei, medan Bjørn og Thea Hauge på andreplass oppnådde 60,8 %. Tredjeplassen denne gongen gjekk til Aase og Ivar Tønnesen med 56,7 %. Fullstendig resultatliste og spelstensilar lokalt her Resultata på landsbasis blir oppdatert her etter kvart som dei vert registrert. Endeleg resultat er nok ikkje klart før tysdag ettermiddag. Neste måndag; 31. mars startar pokalkampen mot BAK. Vi har heimekamp første kvelden, så det er bare å stilla i Eldresenteret til vanleg tid. Vel møtt! Inger Marie og Vilhelm vann 17. mars
17.03.2014
Spelinga måndag 17. mars blei vunne av Inger Marie Johansen og Vilhelm Berge. Dei stoppa på 61,1% score, to prosent meir enn Kåre Kristiansen - Unni Skreslett på andreplass. Tredjeplassen denne gongen gjekk til Reidar Fosse - Gunnar Holm med 55,6 %. Neste måndag speler vi simultanturnering, og dei to måndagane deretter går årets Pokalkamp mot BAK. Måndag 31. mars speler vi på Os, og måndag 7. april på Studentsenteret. Vel møtt! Bjørn og Thea vann måndag 10. mars
10.03.2014
Spelinga måndag 10. mars blei eit oppgjer mellom Bjørn Hauge - Thea Hauge og Kåre Kristiansen - Unni Skreslett. Para møttest i siste runde, og utgangspunktet då var at Bjørn og Thea låg 7 poeng bak og altså måtte scora minimum 4+ på runden for å vinna kvelden. Og det var nettopp det dei gjorde; 4+ og totalt 61,1 % på kvelden. Kåre og Unni enda på 60,4 %. Tredjeplassen gjekk til Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge med 56,3 %. Resultat og spelstensilar måndag 10. mars Spelinga held fram kvar måndag framover. Neste måndag er vanleg speling. Måndagen deretter blir det simultanturnering, og deretter er det Pokalkamp mot BAK måndag 31. mars og måndag 7. april. Vel møtt! Resultat måndag 3. mars – lagspeling
03.03.2014
Fortsatt mange som er i fereimodus, så då blei det ei lagturnering denne måndagen. Tre lag, 12 spel pr. kamp, totalt 24 spel på kvelden. Laga var samansatt slik: Lag 1: Reidar Dale - Tor Anders Hauge og Torhild Rasmussen - Anne Merete Heggland Lag 2: Linda Rasmussen - Gerd Nøttveit og Reidar Fosse - Gunnar Holm Lag 3: Olav Monstad - Kåre Solibakke og Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit Resultat av kampane i IMP Lag 1 mot lag 2: 38-19; lag 1 mot lag 3: 42-30; lag 2 mot lag 3: 32-43. Sluttresultat blei dermed dette (med ny VP-skala) 1. Lag 1: 29,08 VP 2. Lag 3: 20,26 VP 3. Lag 2: 10,66 VP
|