NyheterVinterferie-bridge
24.02.2014
Spelinga måndag 24. februar bar preg av at det er vinterferie. Kun 4 par var med denne gongen. Normalt ville vi nok valt å spela lagkamp med så lite folk, men sidan vi var påmeldt til simultanturnering og hadde korta klar spelte vi likevel "vanleg". Lokal vinnar blei Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge. Dei blei og beste ospar på landsbasis med 38. plass. Link til resultata på landsbasis her. Lokale resultat og kortfordelingar
Over og ut i 4. runde
23.02.2014
4. runde NM klubbar går mot slutten, og laget Os hadde med spelte sin kamp søndag 23. februar. Kampen blei spelt mot Rubbestadneset BK, og enda med eit klart tap. Rubbestadneset spelte ein god kamp og vann begge halvrundane med forholdsvis klar margin. Tapet blei til slutt på ca 50 IMP. Likevel, god innsats av laget som har bestått av Thea Hauge, Bjørn Hauge, Tor Anders Hauge, Joleiv Midttveit, Kåre Kristiansen og Leif Juvik. To par på topp
17.02.2014
To par slutta på same poengsum måndag 17. februar. Tor Anders Hauge - Joleiv Midttveit og Reidar Dale - Frode Dyrstad oppnådde begge 69 % score. Torhild Rasmussen og Anne Merete Heggland kneip tredjeplassen. Det blir ny simultanturnering neste måndag. Vel møtt! Pokalkampen går 31. mars og 7. april
12.02.2014
Det går mot vår og dermed Pokalkamp mot BAK. Kampen blir som vanleg spelt over to måndagar; i år 31. mars og 7. april. Første kvelden speler vi på Os, andre kvelden på Studentsenteret. Biletet er frå premieutdelinga i fjor då BAK vann kampen ganske klart. Torhild og Anne Merete vann 10. februar
10.02.2014
Torhild Rasmussen og Anne Merete Heggland vann spelinga måndag 10. februar. Lite folk denne gongen, så vi spelte IMP over feltet i staden for vanleg parberekning. Torhild og Anne Merete enda på + 42,3 IMP, meir enn dobbelt så mykje som Bjørn Hauge og Frode Dyrstad på andreplass. Marit Havelin og Leif Juvik blei nr. tre denne gongen. Resultat og spelstensilar her Turneringer framover
09.02.2014
Det skjer mykje på bridgefronten framover no. Her er linkar til påmelding/info til ein del aktuelle turneringar: Kretsmeisterskap for par. Turneringa er flytta til laurdag 15. mars. Påmelding/info her Kretsmeisterskap for lag. Går helga 29. - 30. mars. Påmelding/info her KM IMP across the field. Nytt tilbod frå kretsen. Blir spelt som tre uavhengige turneringar på torsdagar i mars. Ein kan spela så mange kveldar ein vil. Spelestart er kl 18.15, og spelestad er Fiskeridirektoratets kantine (i nærheten av Akvariet). Påmelding/info til torsdag 6. mars Påmelding/info til torsdag 13. mars Påmelding/info til torsdag 20. mars Litt lengre fram i tid er det Bridge i Havgapet på Austevoll. Den går i år torsdag 1. mai. Påmelding/info her
Bjørn og Frode med god margin
03.02.2014
Spelinga måndag 3. februar blei vunne av Bjørn Hauge og Frode Dyrstad. Dei oppnådde 63,7 % score, medan Kåre Kristiansen og Unni Skreslett på andreplass scora 56,3 %. Tredjeplassen denne gongen gjekk til Aase og Ivar Tønnesen med 54,8 %. Resultat og spelstensilar her Thea på jentelandslaget!
02.02.2014
Norsk Bridgeforbund har tatt ut landslagstroppane for 2014, og Thea Hauge er med på jenter U25-laget. Vi gratulerer med uttaket! (Biletet er frå Nyttårsturneringa i Eldresenteret 29. desember) Alle landslagstroppane her
|