NyheterSå nær så nær, men
02.02.2014
Seriemeisterskapet 2013/2014, 3. og 4. divisjon blei avslutta helga 1. 2. februar. Os sitt lag i 3. divisjon hadde eit vanskeleg utgangspunkt før siste helg, men etter ein god laurdag var det godt håp å behalda plassen i divisjonen. Men to tap søndagen blei for mykje, og det enda med nedrykk, omtrentet eit VP for lite til å behalda plassen (måtte hatt tre lag bak på lista for å behalda plassen). På laget spelte Bjørn Hauge, Thea Hauge, Kåre Kristiansen og Leif Juvik. Vi går for opprykk igjen neste sesong!
Resultat 3. divisjon avdeling G her Olav og Kåre vann årets første simultan
27.01.2014
Første simultanturnering i 2014 blei spelt måndag 27. januar, og vann lokalt gjorde Olav Monstad - Kåre Solibakke med 63,5 % score. Kåre Kristiansen - Unni Skreslett blei nummer 2, og Bjørn Hauge - Frode Dyrstad 3. Resultat på landsbasis blir oppdatert fortløpande ettersom resultata kjem inn. Link her. Neste simultanturnering går måndag 24. februar. Lokale resultat og spelstensilar her Hordaland Bridgekrets inviterer til juniorsamling!
21.01.2014
Tid: Lørdag 1. februar kl. 10-18 KM par – kvalifisering til NM par
20.01.2014
Kretsmeisterskapet for par, som og er kvalifisering til NM par blir spelt på Marikollen skole helga 15. - 16. februar. Innbyding og påmelding her Bjørn og Frode vann 20. januar
20.01.2014
Spelinga måndag 20. januar blei vunne av Bjørn Hauge og Frode Dyrstad med 58,3 % score: Torhild Rasmussen og Thea Hauge blei nummer to med 56,3 % og Olav Monstad - Kåre Solibakke nummer tre med 54,9 %. Resultat og spelstensilar her Neste måndag speler vi årets første simultanturnering. Vel møtt! Bjørn og Joleiv med sterk 4. plass under Storturneringen
19.01.2014
Bergen Akademiske BK si Storturnering blei spelt helga 18. - 19. januar, med god deltaking frå Os. Ingen par frå Os i mesterpulja i år, men i a-pulja med heile 54 par til start blei det oppnådd gode plasseringar. Aller best plassering blei det på Joleiv Midttveit og Bjørn Hauge med ein finfin 4. plass. Premie blei det og til Kåre Kristiansen - Leif Juvik på 13. plass. Takk til BAK for ei finfin turnering, og spesielt Kine Tveten for bilete. Resultat a-pulja her Resultat mester her
Møter Rubbestadneset BK borte
14.01.2014
Trekninga av 4. runde NM klubbar er no foretatt, og det blei bortekamp mot Rubbestadneset BK for Os. Frist for speling av kampen er 23. februar. Heile trekninga her Siger til Anne Merete og Torhild
13.01.2014
Anne Merete Heggland og Torhild Rasmussen gjekk fort til tet måndag 13. januar, og dei blei der heilt til slutt. 60,1 % blei slutt-scoren, medan Leif Juvik og Kåre Kristiansen på andreplass stoppa på 58,3 %. Tredjeplassen gjekk til Olav Monstad og Kåre Solibakke med 53,6 %. Resultat og spelstensilar her Hugs Storturneringen komande helg. Fortsatt mogleg å melda seg på. Info og påmelding her
|