Det samla seg etter kvart godt med folk rundt bordet. |
Helga 22. – 23. september blei årets utgåve av Osmessa arrangert på Nore Neset. Os BK stilte med stand for første gong, og det blei eit svært vellukka arrangement for oss. Vi hadde reklamert på førehand med gratis kortstokkar til alle, men det klarte vi ikkje å halda. 2 timar før messa stengte søndags ettermiddag var vi tom. 120 kortstokkar, og like mange brosjyrar var då delt ut.
Standen er klargjort – Linda studerer eit BBO-spel mens vi ventar på at dørene skal opnast. |
Utpå ettermiddagen om søndagen fekk vi god kontakt med ein gjeng ungdommar som gjerne ville prøva bridge. Dag var ikkje sein om å få på beina eit improvisert lynkurs, og som bileta viser såg det ut til at spelet fall i smak. Vi håper å sjå både desse og mange av dei andre vi møtte i løpet av helga på kurset vi arrangerer no i haust.
Såg ut til bridge fall i smak hos dei som fekk prøva det under Osmessa. |
Tusen takk til alle som var med og held standen i gang, og vel møtt igjen neste år!