Spelinga måndag 10. mars blei eit oppgjer mellom Bjørn Hauge - Thea Hauge og Kåre Kristiansen - Unni Skreslett. Para møttest i siste runde, og utgangspunktet då var at Bjørn og Thea låg 7 poeng bak og altså måtte scora minimum 4+ på runden for å vinna kvelden. Og det var nettopp det dei gjorde; 4+ og totalt 61,1 % på kvelden. Kåre og Unni enda på 60,4 %. Tredjeplassen gjekk til Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge med 56,3 %.
Spelinga held fram kvar måndag framover. Neste måndag er vanleg speling. Måndagen deretter blir det simultanturnering, og deretter er det Pokalkamp mot BAK måndag 31. mars og måndag 7. april.