Forsiden
Login
Bridgekrets.com
  • Os juniorbridgeklubb
  • Nyheter
  • Resultater
  • Nyttårsturneringa
  • Grasrotandelen
  • Spelarkiv
  • Arkiv

Klubb og medlemsinfo
  • Os BK
  • Klubber tilsluttet kretsen
  • E-post til klubbene
  • Medlemmer i kretsen
  • Mesterpoengliste
Hjemmeside klubber
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Terminliste
  • Kontakt NBF
  • Skjemaer
  • NBF's hjemmeside
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • NM for klubblag
  • Lovboka
  • Turneringsoversikt
  • Norsk Bridge på nett
  • Klubb administrasjon












Nyheter

 

 



Turneringar i haust

13.10.2020

Her er info og påmeldings link til nokre turneringar i haust.

4. divisjon blir spelt helga 7. - 8. november og 30. - 31. januar. Begge helgane blir truleg spelt på Hop skole.

Link for påmelding

 

KM lag går på Austevoll laurdag 21. november

Link til KM lag

Turneringar i haust



Resultat lagspeling måndag 21. september

21.09.2020

Første spelekveld på over eit halvt år blei avvikla måndag 21. september. For å gjera smittepresset minst mogleg er det lagt opp til lagspeling framover. Denne gongen var det fire lag til start og dei var:

Lag A

Gerd - Linda

Joleiv- Kåre AA

 Lag B

Marit - Birgit

Kåre K - Tarjei

 Lag C

Reidar - Karin

Anne Merete - Torhild

 Lag D

Jørn - Harald

Tor Anders - Frode

Det blei spelt 28 spels kampar med bytte halvvegs. Resultata blei at lag A vann 102-48 over lag B, medan lag D slo lag C 68 - 50. Det blir nye lagkampar neste måndag. Påmelding i Facebookgruppa vår eller SMS til 938 40 376. Reknar med å setja opp lag i løpet av helga

Resultat lagspeling måndag 21. september



Årsberetning 2019-2020

15.09.2020

Årsberetningen for 2019-2020 er no lagt ut og kan lesast på denne linken

Årsberetning

Årsberetning 2019-2020



Klubbspelinga startar opp att

15.09.2020

Klubbspelinga startar opp att måndag 21. september kl 18.30 i Eldresenteret. På grunn av koronasituasjonen blir det ei anna form for speling framover. Vi speler lag med inntil 16 spelarar. Det er førehandspåmelding, enten i Facebookgruppa vår eller sms 938 40 376. Ein kan melda seg på enten som par eller åleine.

Det blir lagt opp til kampar på inntil 32 spel, men 28 er kanskje mest passe. Kampane er fulldublerte så ingen bytta av kort mellom borda. Ved halvtid må meldeboks takast med (for laget som flyttar) og borda må spritast.

Inntil vidare blir det ingen servering, så kaffe og noko å bita i må takast med av den enkelte.

Vel møtt til klubbspeling framover

Klubbspelinga startar opp att



Årsmøte 14. september

28.08.2020

Styret i Os bridgeklubb kallar inn til årsmøte 14. september kl. 18.30  i Eldresenteret.I tillegg til årsmøte ynskjer styret å diskutera korleis vi kan få til fysisk bridgespeling i klubben denne hausten. Forslag vil bli lansert.

Årsmeldinga vil bli tilsendt på epost i god tid før møtet.

NB! Det vil ikkje bli speling etter årsmøtet er halde.

Smittevernreglane skal vi sjølvsagt ivareta etter beste evne, og vonar difor dåke går mann og kvinne av huset!

Vel møtt!

Med beste helsing
styret

Årsmøte 14. september



Bjørn og Frode vann KM par – klar for NM-finale i september

23.08.2020

Bjørn Hauge og Frode Dyrstad knuste all motstand og vann KM par som blei spelt i Bergen laurdag 22. august. I det 17 par store feltet hadde dei ca 3 % ned til neste par på lista som blei Finn Fyllingslid - Helge Hantveit frå Bergen Akademiske BK. På tredjeplass kom Rune Fagerbakke - Bjarte Haugland frå Austevoll BK.

Med siger i KM er Bjørn og Frode kvalifisert for årets parfinale. Den blir spelt i Kragerø 18. - 20. september, så det blir ikkje lang tid til førebuingar.

Resultatliste frå KM par

 

Bjørn og Frode vann KM par – klar for NM-finale i september



Klubbspelinga avlyst ut sesongen

14.04.2020

Sidan koronakrisa ser ut til å vara ved ei god stund framover har styret valt å avlysa resten av spelekveldane i eldresenteret ut sesongen. Kjem tilbake med info om dato for oppstart igjen etter kvart som vi veit meir om korleis det blir med reglar for arrangement/tilstellingar. Årsmøtet som var planlagt til siste spelekveld før sommaren blir òg utsatt til hausten. Rekneskapet blir avslutta og underskrive av kasserer, leiar og revisor for bruk i søknader med frist før vi får avvikla årsmøtet.

Spelinga på nett held fram utover våren. Vi køyrer dei to turneringane vi har fast på Funbridge og måndagar kl 18.30 på BBO. Sjå info om dette i sakene under. Nyaste versjon av BBO er denne. 

Det kan òg bli aktuelt med fleire tilbod på nett om det skulle vera ynskjeleg. Hugs òg NBF sine turneringar på BBO som går kvar veke torsdag-søndag. Sjå bridge.no for info om desse.

Vi håper å snart kunna treffast ved bordet igjen.

Styret

 

Klubbspelinga avlyst ut sesongen



"Klubbkveldar" på BBO

15.03.2020

Medan koronaviruset herjar landet må vi finna andre måtar å spela bridge på i tida som kjem. Heldigvis har vi BBO, og klubben vil framover arrangera "klubbkveldar" saman med Austevoll BK. Første turnering vil vi prøva å få til måndag 16. mars kl 18.30. Vi har laga ei liste over alle medlemmer vi veit om som har konto på BBO. Pr. søndag ettermiddag ser den slik ut:

Jeppe1, karkri, kokken, Leifj, stabby, stinus, horgo, theaen1, tmjj, fdy, reidus, Dagchr, kbright, wenchenyb,bjarnev, anliho, stigopp, amsh63, eikebraate, Sinoberia, aageblix, NTerje, Paul, Brekkhus, pettetsen5, ole arland,Th14, Lyderolsen, Torgrini, h32av, Ajb1, brekkhus, poul22, H32H, bokken, selbjorn, carlotto99, pisi pisi, Perskoth, Bompilomp, JORN1

Alle som ynskjer å delta må stå på lista. Send ein sms på 938 40 376 med bbo-nick om det manglar i lista så fører vi det på.

Om du ikkje alt har BBO-konto kan du logga inn og laga deg ein her:

BBO på norsk

 

Ingen installasjon er nødvendig. Spelinga foregår i nettlesaren

Vel møtt til speling på BBO framover!

"Klubbkveldar" på BBO

Neste » 1 2 3 4 5 6 7 ...61



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer