Spel frå 2012 og seinare spelt i klubben

Her ligg spel spelt på spelekveldane frå 2012 og utover. Gje gjerne ein lyd når du oppdager fine spel/motspel og meldingar ved bordet, så legg vi dei ut her.

Her er eit flott spel frå siste spelekveld før sommaren; 28. mai 2018. Det var kun tre bord denne spelekvelden og vi spelte IMP over feltet. med IMP-berekning er det viktig å komma rett på dei store spela. Det blir mykje poeng inn når dei går rett og tilsvarande mykje ut når dei går feil.

Gjevar syd

Sone: aust/vest

Syd Nord

Carl-Otto Reidar

1 ruter - 2 kløver

2 hjarter - 3 ruter

4 NT - 5 kløver

6 kløver - 6 NT

7 ruter - pass

Dei to første meldingane var naturleg frå begge. 2 hjarter viser ei god hand, 3 ruter viser støtte i fargen. 4 NT var Blackwood, og 5 kløver måtte vera tre ess. 6 kløver spurte etter tredjekontroll (dama) i fargen, og 6 NT benekta dama.

Carl-Otto kunne no sjå at det måtte vera bra spel for storeslem i ruter. Sjølv utan spar-konge hos Reidar har kontrakten OK sjansar. Slik det var var kontrakten nesten «laydown». 7 ruter er nok ein mykje betre kontrakt enn 7 NT som òg står slik korta er fordelt.

21 + gav storeslemmen då dei to andre borda stoppa hakket under.

Ein kveld for skvis

Spelekvelden måndag 5. mars 2018 var det mykje skvisspel ute og gjekk. Her er to av dei, det var sikkert fleire.

Spel 8, gjevar vest, sone ingen

Ved vårt bord gjekk det pass, pass, før aust opna med 2 NT (20-21 balanserte). Syd gjekk inn med 3 hjarter før vest avslutta meldingane med 3 NT.

Hjarter konge kom ut. Ordnar kløveren seg så er det 11 toppstikk. Det tolvte må evt koma på ein skvis, så hjarter konge fekk behalda første stikk.

Syd har no sjansen til å brilliera og visa oversikt med å vri til ruter. Då bryt han ein viktig forbindelse mellom bordet og handa og skvisen blir ikkje mogleg å få til. Men det er ikkje lett å sjå etter stikk ein. Aktuelt blei det spelt ny hjarter.

No er speleførar ovanpå. Syd er åleine om å halda hjarteren, nord er åleine om å halda sparen. Kven skal då ta seg av ruteren i sluttspelet?

Etter å ha fått andre stikk på hjarter ess blei kløver konge lagt ned for å sjekka at ikkje den er 4-0. Deretter er det viktig å ta spar ess og spar konge (Merrimac coup) for å ha kort å kvitta seg med når kløveren blir kjørt til bunns.

Så er det bare å spela kløver og kløver så lenge ein har kort i fargen. Spar 6 hos vest er trussel mot nord; han må halda minst ein spar. Hjarter 8 er trussel mot syd; han må halda minst ein hjarter. Med tre kort igjen har aust kun ess, konge og 6 igjen i ruter, og det blir tre stikk når ingen andre har meir enn to kort i fargen :)

Litt seinare på kvelden kom dette spelet opp.

Spel 19, gjevar syd, sone aust vest.



Etter pass i syd blei det opna 1 spar i vest. Nord gjekk inn med 2 kløver. Deretter melde aust-vest i fred og ro. Det bør vel i alle fall meldast minst 6 spar her, tolv toppstikk er laydown, men neppe urimeleg å gå mot storeslem med aust si hand etter opning i vest.

Uansett, her er det sjølve speleføringa som er den interessante. Kan godt seia kontrakten er 6 spar. Kløver konge er vel eit naturleg utspel. Korleis speler ein då?

Etter innmelding frå nord er det vel ikkje unaturleg å plassera alle dei uteverande honnørane på hans hand. Sjølv då er innmeldinga tynn.

Kløver ess vinn første stikk. Tre rundar trumf så er trumfen ute. Deretter fire rundar ruter med avkast av ein hjarter og ein kløver frå hand. Ein ny runde med trumf og med fire kort igjen er stillinga denne med vest inne:



Når no vest speler siste trumfen er nord ferdig. Kastar han kløver går det ein hjarter frå bordet, kaster han ein hjarter forsvinn kløver frå bordet og det blir tre hjarterstikk for aust-vest til slutt.

Leif Juvik

Tøffe tak

Dette spelet er frå spelinga måndag 28. august 2017. Ved tre av fire bord denne kvelden blei kontrakten 3 NT. Ingen speleførarar klarte å få heim kontrakten, men det krevs stødigt motspel for å beita om speleføringa er topp.



Ved bordet der Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum sat nord-syd var det Jørn som skulle spela kontrakten på syd si hand etter at Joleiv Midttveit i vest hadde vore inne med ei kløvermelding undervegs.

Liten kløver kom òg ut og Jørn stakk med esset på handa første gong. Då var slaget alt tapt, sidan aust har kløver å spela når han kjem inn på spar, og vest har hjarteress å koma inn til dei godspelte kløvrane etter det.(Om syd går på hjarter med ein gong etter kløveress kan vest stikka med esset og halda fram i fargen for å beita).

Men kva om kløver knekt får behalda første stikk? Då blir det meir spanande. Sei at aust speler ny kløver i andre stikk. Syd stikk og går på sparfargen. Sjuen eller åtten får segla rundt til aust sin ti. No har ikkje aust meir kløver, og vrir liten hjarter. Vest må på med esset, elles er kontrakten alt heime (to stikk i hjarter). No er det vest som må vera vaken og sjå at kløverfargen er død, ingen inntak lengre når hjarteress er borte, så han må halda fram hjarterspelet og med den snille sitsen i hjarter for motspelet blir det no kun åtte stikk og ein beit for speleførar; eit stikk i spar, eit i hjarter, fire i ruter og to i kløver.

Leif Juvik

Ei sterk og ei svak hand

Å melda hender der eine handa er svært sterk og andre er veldig svak viser seg ofte å vera vanskeleg. Slik var det og i dette spelet frå måndag 13. mars 2017. Dei fleste para stoppa i delkontrakt på spelet, eit par melde utgang, men Anne Merete Heggland og Torhild Rasmussen hadde enno større ambisjonar. Slik såg spelet ut:



Eg spurte Torhild korleis dei klarte å melda denne, og her er kva ho sa:

"Jo det skal jeg si deg. Jeg åpner i 2kl. Anne svarer 2 rut. Jeg hopper til 3 hj. Anne svarer 3 nt. Passer meg dårlig. Jeg sier 4 ruter og hun svarer 5. Jeg tenker spartapere kan hun trumfe og sake ihvertfall 1 på hjerter. Sitter kl konge rett kan hun få en taper. Sånn ble den tanken og meldingen 6 ruter.

Mvh

Torhild Rasmussen

"

Denne gongen ordna alle fargane seg fint, og storeslem i ruter kunne vore meldt med hell, men 6 ruter må vel vera optimalkontrakten på spelet og ville vel gitt 10 poeng om spelet hadde vore gitt som meldeoppgåve i "Duellen" til BIN.

Leif Juvik

Ein «slem» runde

Femte runde måndag 7. november 2016 var ein skikkeleg slem-runde. Alle dei tre spela i runden kunne spelast i slem.

Spela såg slik ut:

Første spelet var det tolv stikk i hjarterkontrakt. Ingen nord-syd-par klarte å melda denne slemmen, men ein speleførar fekk i alle fall tolv stikk. Dei som fekk mindre stikk har sikkert prøvd sparfinessen, men beste speleplan er sikkert å spela tre gonger spar frå topp og bruka ruter konge som inntak til dei godspelte spar-stikka. Det gjev 5 sparstikk, 5 hjarterstikk og 2 ruterstikk så lenge begge majorfargane sit 3-2 hos motparten.

Neste spel var det enno fleire stikk, 13 i både spar og grand. 6 sparstikk, 3 hjarterstikk 3 ruterstikk og eit kløverstikk kunne innkasserast frå taket her.

Til slutt var det aust-vest som hadde slem. 12 stikk i hjarterkontrakt denne gongen, og kun trumfen 3-1 imot gjorde at det ikkje var 13 stikk i dette spelet og.

Å finna rett trumffarge

Spelet under er frå spelekvelden måndag 24. oktober 2016. Jørn Rekkum og Dag Christensen fann ein flott slem her, sjølv om det eigentleg var «unødvendig» å melda han når dei var åleine om å velja spar som trumf.

Fin finte

Her er eit interessant spel frå spelinga måndag 17. oktober 2016. Elisabeth finta meg «langt opp på tribunen» gjennom meldingar og utspel.

Nord-syd: Leif Juvik - Olav Monstad

Aust-vest: Elisabeth Over - Ole Høgsve



Eg blei sjølv speleførar i 3 NT på nord si hand i eit udramatisk meldingsforlaup der Elisabeth i aust hadde vore inne med ei hjartermelding.

Hadde no Elisabeth berre vore «snill pike» og spelt ut frå fargen sin ville ikkje dette vore mykje å skriva om. Sjølv om eg gjev vekk stikket til Ole sin single hjarter-konge blir det likevel 9 stikk, eit i hjarter og tre i kløver til aust-vest.

Men Elisabeth fann det glimrande spar-utspelet, og no blei alt mykje verre. Framleis står jo kontrakten med sjølv å spela på hjarteren (liten mot dama), men dette kan jo ikkje fungera når ein «veit» at hjarter konge sit på aust si hand.

Kva då? For min del enda eg opp med å prøva å få til eit innspel av aust i sluttspelet, å tvinga Elisabeth til å spela hjarter.

Første stikk lot eg gå til spar dame på handa, for å prøva å kamuflera korta best mogleg. Kan jo håpa at motparten trur eg har ess-dame-x i spar, og ikkje speler fleire gonger spar på meg når dei kjem inn.

Deretter tok eg alle ruter-stikka, og kasta ein kløver og ein hjarter frå handa. Aust kasta ein spar, som var fint for meg, og ein hjarter.

I sjette stikk spelte eg liten kløver frå bordet, og Ole i vest vann denne med knekten. Han fortsatte sparspelet, og eg var inne på handa på spar-esset.

Med fem kort igjen var dette stillinga:



Kløver fulgte og Elisabeth vann med esset og tok og for kongen. No var eg der eg heile tida hadde prøvd å koma; Elisabeth inne med berre hjarter å spela.

Hjarter kom, men det blei takras når det sat som det sat. To beit og null og nada poeng på spelet.

Leif Juvik

Dette spelet er frå spelekvelden måndag 3. oktober 2016. Elisabeth Over - Åse Bauge sat nord-syd. Edel Kofoed Rimstad - Daniella Johannesen sat aust-vest.



Åse blei speleførar i 3 NT på syd si hand etter eit uforstyrra meldingsforløp der nord hadde vist ruterfarge og syd hjarter. (ein feiltasting på bridgematen gjer at det står nord, men kontrakten blei spelt på syd si hand). Edel i vest hadde utspelet, og det blei sjølvsagt ein liten spar. Den fekk gå til dama på handa. Fire rundar ruter frå topp fulgte, og Daniella kom inn på ruter ti i femte stikk. No hadde det vore fint å hatt ein liten spar å spela, men dne fargen hadde ikkje Daniellla fleire av. Ho valte å spela kløver som gjekk til Edel sitt ess. No var det ikkje lengre noko poeng i å godspela sparen sidan det ikkje lengre var inntak til dei godspelte stikka, så Edel fortsatte med ny kløver. Åse slapp denne til Daniella si dame, som spelte enno ein kløver. Summa sumarum blei behaldninga for Åse no to stikk i spar, eit i hjarter, fire i ruter og eit i kløver. Totalt åtte stikk. Ein beit gav Edel og Daniella ein nest-topp på spelet. Eit nord-syd par hadde prøvd seg i 4 hjarter, og den gjekk to beit.

Ikkje smart å vera for smart

Dette spelet blei spelt måndag 16. november 2015. Joleiv Midttveit - Kari Kristiansen sat aust-vest, Bjørn Hauge - Frode Dyrstad nord-syd. Joleiv blei speleførar i 3 NT på aust si hand:



Det kom ruter ut frå syd og knekten i bordet vann stikket. Kløver 10 blei spelt i andre stikk til knekten på handa og syd vann stikket med dama. Syd vrei til spar som nord ikkje stakk med esset, og Joleiv vann stikket med 10-en. Spar konge fulgte i neste stikk, og det skulle visa seg å bli dyrt for nord då han heller ikkje stakk med esset denne gongen. Joleiv fortsatte då med å ta alle kløverstikka, så hjarter til esset i bordet og ruter-ess. Med tre kort igjen blei det denne sluttposisjonen:



Ruter konge frå bordet i tredje siste stikk gjorde kort prosess med nord. Ikkje kan han kasta spar-esset, og heller ikkje hjarter. 12 stikk gav full pott på spelet til Kari og Joleiv.

Kan bli dyrt å vera for grådig

Spelet under er frå sesongavslutninga våren 2015, måndag 18. mai. Det er Bjørn Hauge som fortel om korleis spel 20 for kvelden gjekk på deira bord.

Med Thea Hauge i vest og meg i Øst, Frode Dyrstad i nord og Anders Johansson i syd i siste runde gikk meldingsforløpet slik:



Vest Nord Øst Syd

pass 1 sp 2 hj pass

pass 2 sp pass pass

3 hj pass pass dobl

pass pass pass

Spar dame i syd kommer ut som blir stukket av nord med kongen. Nord tar for spar ess, og så legges ruter ess ned og mer ruter. Øst stikker med ruter konge og spiller liten hjerter mot knekten. Anders i syd går i tenkeboksen:

– Vi har to spar-stikk og 1 ruterstikk. Stikker jeg med hjerter dame får vi fjerde stikk og ruter dame er beten. Men har ikke øst ess-konge i hjerter er det jo mange bet ;) Hva er rett?

Anders legger liten hjerter i håp om at makker har en honnør i hjerter. Denne blir stukket med hjerter knekt. Liten hjerter til ess og hjerter konge. Så kløver til kongen liten kløver til damen ny kløver til borets ess. Så lenge syd har tre kløver blir siste ruteren i øst kastet på 4. kløveren som blir spilt fra bordet i stikk 9. Og dermed byttet vi plass på resultatlisten sammenlagt da dette var siste spill for kvelden. Hadde syd stukket liten hjerter fra øst med damen og tatt for ruter dame hadde kontrakten gått en bet.

Konklusjonen er at det ikke alltid lurt å være grådig :)

Bjørn Hauge

Lykken står den kjekke bi

Eit både fint og heldig spel frå spelinga måndag 26. januar 2015. Bjørn Hauge blei speleførar i 5 kløver på syd si hand, og fortel sjølv korleis spelet gjekk ved bordet:

Nord: Jørn Rekkum

Syd: Bjørn Hauge

Aust: Reidar Dale

Vest: Tor Anders Hauge



Vest fann ikkje det drepande ruteress-utspelet, men valde hjarter 4. Liten i bordet hj 8 frå aust som ble stukket med hj konge av syd. No må nord finna kl dame, elles er det mange beit, samt att vest må ha ruter ess.

Etter hj konge var tatt valde syd å spela kl ess og kløver knekt som fekk behalda stikket. Liten kløver til kongen og no var det berre å spela ruter. Då vest dukka opp med ruter ess, var han no innspelt. Speler han ruter får syd kasta ein spar på 5 ruteren i nord. Legg han ned spar ess står kontrakten også. Vest valde å ta på spar ess og 11 stikk til nord-syd

Konklusjon: Gje aldri opp sjølv om det ser mørkt ut. Korta kan vera på lag med speleførar!

Trumfhøyning

Spelet under er frå spelinga måndag 19. januar 2015. Vi spelte simultan, og 200 inn gav nesten 100 plusspoeng på landsbasis, sjølv om det kun gav middels lokalt på Os. På bordet der Kåre Solibakke og Jon Olav Holvik sat nord-syd og Tor Anders Hauge - Reidar Dale aust-vest gjekk spelet slik:

Kåre Solibakke blei speleførar i 3 kløver på syd si hand. Reidar Dale i aust hadde opna med hjartermelding, så Tor Anders Hauge i vest starta lett med hjarter 9 i utspel. Lite kort i bordet, lite kort frå Reidar og kongen på handa vann stikket. Liten kløver til dama på bordet vann neste stikk, og trumf til konge og ess gjorde at Tor Anders var inne etter tre stikk. (aust la styrke i ruter på andre trumfrunde). Tor Anders fortsatte med hjarter, og Reidar vann med esset. Ny hjarter til dame hos speleførar og steling hos Tor Anders, som så spelte ruter. Kongen blei forsøkt i bordet, men Reidar stakk med esset og fortsatte i hjarter. Speleførar kasta ein rutertaper på denne, men enno hadde Reidar ein hjarter igjen til å spela i neste stikk. Dermed gav den single kløver 9-en Tor Anders hadde igjen og stikk. To beit, og som sagt ca 100 plusspoeng i protokollen på landsbasis.

Coup en passant

Dette spelet er frå spelinga måndag 20. oktober 2014. Nord-syd var Thea og Bjørn Hauge, aust-vest var Dag Christensen - Frode Dyrstad.

I eit uforstyrra ganske komplisert meldingsforløp enda det med at Thea i syd blei speleførar i 2 hjarter. No var Bjørn og Thea alt sikra eit greit resultat på spelet, då store deler av feltet (vi spelte simultanturnering så feltet var stort) kom altfor høgt på nord-syd sine kort, og gjekk beit.

Men det skader ikkje å gjera eit godt resultat enno betre med ei god speleføring.

Det var Dag i vest som hadde utspelet, og han valde ein liten ruter. Denne gjekk til kongen hos Frode, som fortsatte i fargen. Inne på handa i andre stikk freista det lite å gå på trumfen som var ganske tynn. Kryss-stelingar såg ut til å vera betre, så kløver til ess, og kløver til steling på handa tok dei to neste stikka. Spar ess og spar til steling gav to stikk til, og deretter blei ruter ess innkassert før nokon av motspelarane får sjansen til å kasta seg tom i fargen.

Ny kløversteling på handa fulgte, og med fem kort igjen spelte Thea spar til låg steling i bordet. Aust kunne stela over, og held fram med trumf som esset i bordet vann.

Stillinga med tre kort igjen:



No fulgte kløver frå bordet, og den single trumf-dama på handa må gje stikk. «Eg kan velja mellom pest og kolera!» sa Frode og noterte 9 stikk på Bridgematen.

9 stikk gav ca 73,5 % score på landsbasis for nord-syd.

Dette spelet er frå spelinga måndag 10. mars 2014. Ved bordet der Leif Juvik - Linda Rasmussen sat nord-syd og Kåre Kristiansen - Unni Skreslett aust-vest gjekk meldingane på denne måten: Leif i nord opna med 1 hjarter, Kåre i aust hoppa innpå med 3 ruter, og deretter enda Leif som spelefører i 6 hjarter etter Blackwood.

Utspelet frå Kåre blei ruter knekt, og det var ikkje akkurat overraskande at vest var renons i fargen. Spørsmålet var berre kva for trumf som skulle brukast. Aktuelt valde eg å trumfa med hjarter 9, noko som ville fungert fint med den aktuelle sitsen, om berre ikkje Unni hadde trumfa med dama og fortsett i spar. Steling hos Kåre på single hjarter knekt. Ein beit! Bedre ville det gått om eg hadde trumfa utspelet med hjarter ess. Liten hjarter til kongen på handa i andre stikk tek vekk hjarter knekt i aust. Deretter liten ruter til steling med hjarter 9. Vest kan stela over, men det blir og einaste stikket for aust-vest når kløverkappen går greit.

Leif Juvik

Spela under er frå spelinga måndag 10. februar 2014. Sidan vi var lite folk denne kvelden spelte vi IMP over feltet, og i slike turneringar gjeld det å koma rett på dei store spela. Her er eit av dei:

Anne Merete og Torhild vann spelinga denne kvelden, og dette spelet gav + 15 då dei held seg unna slemmen. Ordner ruterfargen seg utan taper er det ein god slem, men denne gongen måtte vest få eit stikk i fargen, i tillegg til hjarter-ess i aust, så då var det best å halda seg lågt.

Litt seinare på kvelden kom dette spelet:



Denne slemmen er klokkerein, men ikkje så lett å melda. + 22 til paret som kom i 6 spar, - 11 til dei som ikkje kom ut.

Dette spelet blei spelt måndag 3. februar 2014. Gunnar Holm og Reidar Fosse sat nord-syd her, og fekk riktig fint drag på motspelet. Joleiv Midttveit - Jørn Rekkum var aust-vest, og det var Joleiv i vest som hadde tatt på seg oppgåva å spela 3 spar:

jarter ti kom ut frå nord – eit godt utspel. Ti-en fekk behalda stikket, og ny hjarter gjekk til knekten i syd. I tredje stikk fulgte hjarter dame. Joleiv trumfa med knekten, men blei overtrumfa med dama. Kløver fulgte til esset i syd, og fortsetjinga blei hjarter ess. Joleiv spelte på at syd hadde spar ti, så han trumfa med 9-en. Ikkje rett denne gongen, og nord vann stikket på ti-en. Kløver konge og ruter ess var enno stikk motspelet hadde krav på, så det heile enda med at Joleiv ikkje kom inn før i åttande stikk. Då kunne han kreva resten, men var allereie tre beit.

Resultata frå dei andre borda på spelet viser at fleire aust-vest par sleit i sparkontrakt:

Spelet under er frå spelinga måndag 18. november 2013. Vi spelte simultan, og Carl-Otto og Reidar vann spelinga på Os denne kvelden, og oppnådde og ei god plassering på landsbasis. 42 pluss-poeng skaffa Carl-Otto med speleføringa si her:

4 spar i syd var standardkontrakten på spelet, og der var og Carl-Otto. Kløverhonnør ut frå vest og fortsettelse i fargen var naturleg start på motspelet, og speleførar trumfar 2. kløverrunde. Spar til ess og spar til konge avslørte at aust skulle ha eit trumfstikk. Etter denne innleiinga tok Carl-Otto alle hjarterstikka sine. Ruter-kutten hastar uansett ikkje, så i niande stikk fekk aust komma inn på spardama. Han var no tom for alle fargar untatt ruter, noko som passa Carl-Otto perfekt!

Slik gjekk det på Os på dei andre borda på dette spelet:



Måndag 14. oktober 2013 var det mange interessante spel. I runde 4 var det to spel som var ganske artige. På bordet med Joleiv Midttveit - Jørn Rekkum nord-syd og Leif Juvik - Olav Monstad aust-vest gjekk det slik:

Først spel nummer 10 som såg slik ut:

Joleiv og Jørn melde seg fort opp til 6 hjarter, med Joleiv i syd som speleførar. Spar kom ut, og esset vann stikket. Trumfen blei tatt ut i to rundar, og deretter tre rundar ruter frå bordet. Siste sparen på bordet blei så stolen på handa, og ruter-ess innkassert. To kløvertaparar ser ut til å vera uungåleg, men med litt hjelp frå motparten blei det berre ein. Kløver 7 frå handa, og når vest la kløver 3 var det bare å legga liten i bordet. Aust fekk stikket på kløver ti, men speleførar tok dei to siste stikka på kløver dame og kløver ess.

Slik gjekk dette spelet elles i klubben:



Etter eit lite mellomspel kom spel 12 på bordet. Det såg slik ut:



Meldingane gjekk fort her og, og kontrakten ble som på alle andre bord 4 hjarter på aust si hand. Joleiv starta med kløver dame, som fekk behalda stikket. Kløver knekt blei stolen, og hjarter ess og ny hjarter til knekten tok ut trumfen. Kløver konge blei dekka med esset og stolen, og ruter konge, ruter til ess og ruter til steling fulgte. Med fem kort igjen var stillinga denne:



9 stikk var sikre, og det tiande måtte koma i spar, eller at kløver blei spelt til dobbelt-renons. Det blei greit løyst då spar 8 blei spelt frå handa. Joleiv i syd var no sjanselaus. Om han dekker, dekker vest med konge og nord vinn stikket på esset. Han har bare kløver og spar igjen, og om han veljer å spela spar blir 9-en kappa opp. Om Joleiv legg liten når spar 8 blir spelt (som han gjorde ved bordet), legg vest også liten. Same problen for Jørn i nord då; enten kløver til dobbelt-renons, eller så må han gje stikk til spar-konge.

Slik gjekk dette spelet i salen:

Spelet under er frå spelinga måndag 9. september 2013. Nord-syd var Leif Juvik - Olav Monstad. Aust vest var Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen.

Kontrakten blei 3 NT på nord si hand, etter eit meldingsforløp der Anne Merete i aust hadde vore taus om sparfargen sin, medan Torhild i vest hadde vore inne med ei rutermelding. Med eit slikt meldingsforløp var ikkje ruter knekt ut frå Anne Merete unaturleg.

Det fine motspelet starta med at Torhild la liten ruter på utspelet, og kongen vann stikket. Når kløveren ordnar seg så fint som han gjer ville kontrakten enkelt vore heime med å gå på hjarteren med ein gong. Sidan Torhild kun har to korts spar blir det kun eit sparstikk, to hjarterstikk og eit ruterstikk til motparten ved denne speleføringa. Men det føltest naturleg å starta med å testa om kløverfargen ordna seg, så i andre stikk blei det kløver til konge og i tredje liten kløver til ess. Når det gjekk bra mangla kun eit stikk, som kunne komma i hjarter eller ruter, og til og med i spar.

Men Torhild og Anne Merete held fram det fine motspelet, så når hjarter to blei spelt til knekten, stakk Torhild med dama og vrei spar. Denne gjekk til honnør hos Anne Merete, og heller ikkje ho var i det gavemilde hjørnet då ho fortsatte med liten spar som gjekk til esset. Leif som speleførar i nord var no innspelt. Med bare kløver og ruter igjen var det beste å gjera å ta kløverstikka. Anne Merete hadde ruter-ti som inntak til sparstikka sine. Ein beit.

Slik gjekk det i salen på dette spelet:

Dette spelet blei spelt måndag 26. august 2013, første spelekveld etter sommarferien. Nord-Syd var Inger Marie Johansen - Vilhelm Berge. Aust-Vest var Olav Monstad - Leif Juvik.

Olav i vest blei speleførar i 1 NT, og Inger Marie i nord spelte ut ein liten hjarter. Vilhelm i syd stakk med esset og vrei til spar dame. Olav la liten tre gonger, og Inger Marie kom inn på spar-esset etter tre gonger sparspel og fortsatte i femte stikk med hjarter til Olav sin konge. Alt låg no til rette for ein skvis mot nord i hjarter og kløver. Med ruter frå topp er stillinga denne med tre kort igjen:

Når siste ruteren no blir spelt frå vest er det godnatt for nord. Lar ho hjarterdama gå, står knekten i aust. Kaster ho kløver, så kaster bordet hjarterknekt, og speleførar får siste stikk på kløverdama.

Dette spelet er frå spelinga måndag 17. desember 2012, siste spelekvel før juleferien. Bjørn og Thea fekk til eit fint motspel her då speleførar blei litt for grådig.

Meldingane gjekk slik:

Meldingane gjekk slik:



Bjørn spelte ut spar 2. Liten i bordet, spar 10 hjå Thea og speleførar fekk for spar knekt.

No er det mogeleg å ta 6 stikk til utan å sleppa inn motparten, dette er ikkje nok, så speleførar spelte liten hjartar mot dama som ho fekk for. Det er no mogeleg å sikra kontrakten ved å spela nok ein gong hjarter, no til knekt eller konge. Då vert det 9 stikk totalt. Det freistar lite i parturnering når kløveren kan gje 5 stikk, 12 totalt, om kløver konge sit i kapp. Dessutan er det lite som ser ut til å kunna gå galt! Så lett er det å sjå seg blind på gode kort!

Difor fekk kløver knekt gå rundt til Bjørn sin konge. No la han ned hjarter ess og spar ess. Då fall spar ni hjå speleførar, og den tredje sparen frå Bjørn var gjennom D 7 på bordet til K 8 hjå Thea.

5 stikk til Bjørn og Thea, ein beit etter det einaste motspelet som kunne beita kontrakten.

Spelet over er frå spelinga måndag 10. desember 2012. Nord-Syd var Linda Rasmussen - Leif Juvik. Aust-vest var Kåre Kristiansen - Unni Skreslett. Utan innblanding får aust-vest blei kontrakten 3 NT i syd.

Spar kom ut frå vest, og aust fekk stikket for spar dame. Spar 10 fekk og behalda stikket (vest burde nok stukke denne, men gjorde det ikkje). Utan fleire spar å spela blei det hjartervri i stikk tre. Om syd no legg hjarter ti blir det jo ti enkle stikk når kløveren oppfører seg så fint som han gjer, men valet fall på hjarter dame og kongen i vest vann stikket. I fjerde stikk blei det sjølvsagt spelt ny spar, og syd kom inn på esset.

Kløver til knekten gjekk fint, og ess og konge i fargen tok dei to neste stikka. Det var godt nytt for speleførar då fargen sat 3-3 ute.

Stillinga med seks kort igjen er denne:

Kløver frå nord no. Aust kan ofra ein hjarter, syd kastar ein ruter og vest ein hjarter. Men når siste kløveren blir spelt frå bordet begynner det å bli problemar for aust. Han må halda to hjarter, så ein ruter må få gå. Vest blir no åleine om å halda ruteren. Syd kan no la hjarter ti gå, og vest kastar sin siste hjarter. Fire kort igjen no, og frå bordet blir det spelt liten ruter til kongen på handa (både aust og vest følgjer farge). No blir nådestøtet sett inn; Hjarter ess! Vest kan ikkje la spar-kongen gå for då står 5-en i bordet. Altså må også han la ein ruter gå og då er ruteren gåande for speleførar.

Puuu :)

Spelet over er frå spelinga måndag 5. november 2012. Vi spelte simultanturnering denne kvelden, og Stig Gamlemshaug og Stein Ole Moberg sikra seg over 70 plusspoeng når Stig fekk heim 2 hjarter på aust si hand i dette spelet. Mange plusspoeng var allereie sikra berre ved å vera i 2 hjarter, sidan dei fleste nord-syd para hadde fått 8 stikk i grand.

Etter pass i vest opna nord meldingane med 1 ruter. Stig gjekk inn med 1 hjarter i aust, syd letta til 2 ruter, og 2 hjarter frå Stein Ole avslutta meldingane.

Etter desse meldingane starta syd uheldig med ruter ess. Dermed var inntaket til tredje kløverstikket tapt. Ny ruter til kongen i nord (Stig kasta dama frå handa) og enno ein ruter gjorde at bordet var inne på ruterknekt i tredje stikk.

No kom hjarter dame frå bordet, som blei dukka rundt. Så hjarter ti som blei dukka til knekten i syd. Kløver frå syd, og nord tok sine to stikk i den fargen.

Motspelet har no fått 5 stikk, 2 i kløver to i ruter og eit i hjarter. Når nord no spelte den 13. ruteren til dobbeltrenons skulle ein tru at det sikra beiten. Enten måtte Stig trumfa på handa; då ville nord vera lengst i trumf, eller så måtte han trumfa i bordet, og då er det ingen trumf igjen der til å ta trumffinessen. (Nord har framleis konge-6 i hjarter).

Men Stig ville det annleis. Ruteren blei trumfa på bordet med avkast av kløvertaperen frå handa. Så spar til konge, spar knekt til kapp og spar til ess. Stillinga er no med kun to kort igjen:

Eit kort frå bordet no, og nord kan gjera kva han vil. Slike speleføringar blir det poeng av.