NyheterFørste stikk til Anders og Tor Anders
20.08.2018
Det blei jamt mellom dei to beste para då første klubbkveld denne hausten blei spelt måndag 20. august. Til slutt blei det Anders Johansson - Tor Anders Hauge som kneip sigeren med knepen margin til Tarjei Vangdal - Joleiv Midttveit på andreplass. Tredje gjekk til Bjørn Hauge - Frode Dyrstad. Det blir speling alle måndagar framover til og med 17. desember. Hugs påmelding til Bridge i Havgapet som går laurdag 15. september på Austevoll og BM lag som startar torsdag 20. september. Turneringa blir i år arrangert over 7 torsdagskveldar på Hop skole som monradturnering. Klubbspelinga starter måndag 20. august
17.08.2018
Klubbspelinga startar opp att måndag 20. august. Tid og stad som tidlegare; Os eldresenter kl. 18.30. Gamle og nye medlemmer velkommen! Storeslem i Ruter
01.06.2018
Eit flott spel frå siste spelekveld før sommaren er no lagt til i spelarkivet.Carl-Otto og Reidar var dei einaste som klarte å melda denne storeslemmen. Carl-Otto og Reidar suverene
28.05.2018
Siste spelekveld før sommarferien blei spelt måndag 28. mai. Vi var kun tre bord så det blei IMP over feltet denne gongen. Vann gjorde Carl-Otto Curran og Reidar Dale med +158. Dag Christensen - Anne Merete Heggland blei nummer to med +63, og tredje gjekk til Bjørn Hauge Frode Dyrstad med 0. Som vanleg hadde vi årsmøte før spelinga siste kveld før sommaren. Tidlegare utsendt årsberetning blei vedtatt. Den kan òg lesast her Styret for neste sesong er det same som forrige sesong: Leiar Anders Johanssen. Styremedlemmer: Reidar Dale, Linda Rasmussen og Leif Juvik. Revisor: Kåre Kristiansen. Valkomite: Bjørn Hauge og Frode Dyrstad. Første spelekveld til hausten blir måndag 13. august. Vel møtt då, og god sommar til alle.
Rapport bruk av tildelte Frifondmidlar
22.05.2018
NBF krev ein kort rapport om bruk av tildelte Frifondmidlar. Os BK fekk ca 8 500.- denne sesongen og rapporten er no oversendr forbundet. Han kan lesast på denne lenka. Bjørn og Frode til topps
15.05.2018
Dei blei ein knusande overlegen siger til Bjørn Hauge - Frode Dyrstad måndag 14. mai. 68,8% score let seg høyra. Andreplass blei det til Kåre Aasen - Joleiv Midttveit men 55,6% og tredje til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 54,2%. Hugs at det er pinse komande helg og derfor ingen speling måndag 21. mai. Siste spelekveld denne sesongen blir måndagen deretter; 28. mai. Då blir det òg årsmøte. Vel møtt! Deling av topp
07.05.2018
To par kom heil likt i toppen av lista måndag 7. mai. Per Skotheim - Hans Victor Koch og Kåre Kristiansen - Dag Christensen hamna begge på 56,35% score og delte sigeren. Tredje gjekk til Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 53,2% score. Resultatliste og spelstensilar Vi speler som vanleg komande måndag. Måndagen deretter er 2. pinsedag og spelefri. Siste spelekveld før sommaren blir 28. mai. Då blir det òg årsmøte før spelinga. Vel møtt! Anders og Tor Anders til topps
01.05.2018
Anders Johansson og Tor Anders Hauge vann med god margin spelinga måndag 30. april. 60% blank stoppa dei på, medan Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen blei nummer to med 53,1%. Tredjeplassen gjekk til Jørn Rekkum - Kåre Kristiansen med 48,8%. Vi speler alle måndagane i mai unntatt 21. mai som er 2. pinsedag. Måndag 28. mai blir siste spelekveld før sommaren, som vanleg med årsmøte i forkant av spelinga. Juniorklubben har sin siste spelekveld før sommaren komande fredag. Vi speler på biblioteket med start kl 18. Det blir speling og litt planlegging av hausten. Det blir satt opp minibuss til Rubbestadneset Kr. Himmelfartsdag til maibridgen. Vi reknar med at alle påmeldte frå Os vil vera med, men gje ein lyd til Tor Anders så han får ført deg "inn i manntalet". Bussen har plass til 16. Ledige plassar blir tilbode spelarar frå andre klubbar i området.
|