NyheterOs juniorbridgeklubb
11.01.2018
Alt er no klart for oppstart av Os juniorbridgeklubb. Avtale med Os Folkebibliotek om å låna lokalet er inngått og første spelekveld blir fredag 2. februar. Deretter blir det speling annankvar fredag fram til utgangen av april. Alle seks kveldane speler vi frå klokka 18 - 21. Vi har sett aldersgruppe 10 - 18 år, men om ein skulle gå litt utanom det er ikkje det så farlig. Då gjeld det bare å få spreidd bodskapen til så mange som mogleg. Det kjem annonsar i Os og Fusaposten frå og med veke 3, både på nett og papir. Her er nettsak om klubben. Men like viktig er det av vi informerer dei vi kjenner sjølv. Her er nedlastbar brosjyre som kan skrivast ut/sendast. Vi håper mange vil vera med. Gje gjerne ein lyd til Torhild om du veit om interesserte. Årskontigent 2018
08.01.2018
Årskontigenten for 2017 er kroner 300.-. Kan betalast til konto 3631.50.30867, eller til Linda på ein spelekveld. Hugs å merk innbetalinga tydeleg med namn om du betaler til konto. Kun Tor Anders og Anders gjekk i pluss
08.01.2018
Første spelekvled i 2018 blei spelt måndag 8. januar. Os 1 spelte sin tredjerundekamp mot Samnanger BK 1 denne kvelden, ein kamp som dessverre enda men tap. Dermed er alle Os-laga ute av årets NM for klubbar. Dei som ikkje var med å spelte lag spelte ei IMP over feltet-turnering. Der blei det spel mot eit mål då Anders Johansson - Tor Anders Hauge tok alt som var av poeng og vann med + 105 IMP. Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum blei nummer to med + 8 IMP og Leif Juvik- Linda Rasmussen nummer tre med +4 IMP. Neste måndag blir det simultanturnering Vel møtt! Jim Høyland - Sigurd Østerbøvik til topps i juleturneringa
30.12.2017
Årets utgåve av juleturneringa blei spelt i Kløvertun (Sanitetshuset) laurdag 30. desember. Heile 35 par stilte til start og etter ei nervepirrande avslutning blei det til slutt siger til Jim Høyland Sigurd Østerbøvik, med Tor og Christian Bakke på andreplass og Bjarte Midttveit - Finn Fyllingslid på tredjeplass. Jim Høyland vann forøvrig også fjorårets turnering, då saman med Sven Olai Høyland. Tidlegare vinnarar av turneringa Os og Fusaposten laga og sak på turneringa. Saka ligg i skrivande stund som toppsak på nettsida. Den kan lesast her, men sidan tankesport er hot-stuff for tida ligg ho bak betalingsmur. Tusen takk til alle som deltok for ei fin turnering, og velkommen tilbake til ny juleturnering på Os om eit års tid. Under følgjer nokre bilete frå årets turnering, Jim Høyland og Sigurd Østerbøvik vann årets juleturnering. Her frå runden dei spelte mot Trond Hantveit (t.v) og Anders Dale
Stilig med bridgebord over heile salen. Gunnveig Wetteland var ein av dei som var tidleg på plass.Takk til Austevoll BK for lånet og god hjelp.
Livet er kort. Beste ospar i år blei Carl-Otto Curran og Reidar Dale på ein flott 6. plass Tarjei og Tor Anders delte sigeren
18.12.2017
Siste klubbkveld i 2018 blei spelt måndag 18. desember. Hausten blei avslutta med ei singleturnering, og det blei eit jamt oppgjer. Til slutt blei det delt siger mellom Tarjei Vangdal og Tor Anders Hauge, begge med + 16. Kåre Aasen kom like bak med +14,9 på tredjeplass. Pallen ved årets juleavslutning. Frå venstre Kåre Aasen, Tor Anders Hauge og Tarjei Vangdal delvis skjult bak Anders Johansson som stod for premieutdelinga. Dette var siste spelekveld før jul. Første spelekveld i 2018 blir måndag 8. januar. Men før det har vi sjølvsagt juleturneringa vår 30. desember å sjå fram til. Pr, no er 22 par påmeldt, så det blir nok ei solid juleturnering også i år. Påmeldingsfrist er 28. desember. Her er link med info. God jul til alle, og vel møtt til nye kortslag i det nye året! Carl-Otto og Reidar til topps
11.12.2017
Carl-Otto Curran og Reidar Dale vann spelinga måndag 11. desember med knapp margin. 60% blank stoppa dei på, medan Kåre Aasen - Joleiv Midttveit blei nummer to med 58,75%. Tredjeplassen gjekk til Elisabeth Østrem - Tarjei Vangdal med 55,2%. Neste måndag er siste spelekveld før jul. Det blir singleturnering med matservering. Sidan det var ein del som ikkje kunne møta tidlegare blir det som vanleg start klokka 18.30. Hugs påmelding til juleturneringa vår. Den går laurdag 30. desember med start klokka 11. Spelestad i år er sanitetshuset. Her er link med info og påmelding Første spelekveld på nyåret blir måndag 8. januar Vel møtt! Linda og Leif vann MP-treffet
05.12.2017
Måndag 4. desember var det MP-treffet som stod på programmet. Klare vinnarar blei Linda Rasmussen - Leif Juvik med 58,3% score. Bjørn Hauge Frode Dyrstad blei nummer to med 54,6% og tredje gjekk til Per Skotheim - Hans Victor Koch med 52,8%. Lokale resultat med spelstensilar Resultat på landsbasis blir oppdatert her Geo Tislevolls kommentarar til spela her Neste måndag er det vanleg speling, medan det måndagen deretter blir juleavslutning med singleturnering. Vel møtt! Kåre og Joleiv vann handicapturneringa
27.11.2017
Måndag 27. november spelte vi handicapturnering, og vinnarar blei Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 21,6 poeng. Elisabeth Østrem - Tarjei Vangdal blei nummer to med 13,4 poeng og tredje gjekk til Reidar Dale - Carl-Otto Curran med 6,0 poeng.
|