NyheterLukke til i Slovakia!
03.07.2017
Carl-Otto Curran og Thea Hauge er begge tatt ut til å spela Ungdoms-EM som går i Samorin i Slovakia i perioden 8. - 15. juli. Første kamp startar klokka 10 søndag 9. juli. For jentelaget blir det fire kampar kvar dag, for u-21 laget fem kampar. Vi reknar med at det blir BBO-overføringar frå heile meisterskapet. Vi i klubben ynskjer lukke til i Slovakia! Os og Fusaposten hadde tysdag 4. juli ei førehandssak på meisterskapet. Klikk biletet for å lesa den. Anders og Tor Anders speler EM par
18.06.2017
Ope EM blir spelt i perioden 10. - 23. juni. meisterskapet går denne gongen i Montecatini i Italia. Frå Os er det kun Anders Johansson og Tor Anders Hauge som har tatt turen til Italia. Dei skal spela parturneringa som startar tysdag 20. juni og blir avslutta med finale fredag 23 - laurdag 24. juni. Reknar med det er overføringar på BBO heile vegen. Klubben ynskjer lukke til med turneringa!
Tor Anders og Anders speler ope EM for par.
Lagkamp avslutta vårsesongen
29.05.2017
Siste spelekveld før sommaren blei spelt måndag 29. mai. Det var lite folk denne gongen, så det blei spelt ein 28-spels lagkamp. På lag Kåre spelte: Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum og Reidar Dale - Kåre Aasen. Lag Torhild bestod av Torhild Rasmussen - Åse Bauge og Bjørn Hauge - Frode Dyrstad. Etter ein jamn første halvrunde seig lag Kåre frå etter pausen og vann til slutt 74-50. Då er det sommarferie for klubbspelinga. Vi reknar med å starta opp att måndag 14. august. Info kjem over sommarferien. For dei som ikkje vil venta så lenge med å spela er det rikeleg med moglegheiter. Det blir spelt sommarbridge i Åsatun kvar tysdag gjennom heile sommaren. Påmelding ved frammøte. Spelinga startar kl 18.30 presis, så pass på å vera på plass i god tid før det. Uendra styre etter årsmøte
23.05.2017
I forkant av spelinga måndag 22. mai blei det avvikla årsmøte. Mest interesse knytte det seg denne gongen til val av spelestad der styret hadde sett på to alternative spelestader til eldresenteret. Både Hannes konditori og andre etasje i Kløvertun (Sanitetshuset) kan godt nyttast til bridgespeling, men etter ein kort diskusjon var eit nokså samstemt årsmøte einig om å halda fram å spela i eldresenteret. Årsmeldig og rekneskap blei einstemmig vedtatt. Rekneskapen viser eit overskot på ca 9000.- i hovudsak pga gode inntekter frå Grasrotandelen og at vi og mottok ca 8000.- i momskompensasjon denne sesongen. Årsmeldinga viser elles god aktivitet og gode resultat av medlemmer i klubben i større og mindre turneringar i inn- og utland, der høgdepunktet denne sesongen utan tvil var bronsemedaljen til Thea Hauge under VM for ungdomslag i fjor sommar; første internasjonale medalje i klubbens historie. Styret etter årsmøte ser slik ut: Leiar: Anders Johansson (ikkje på val). Styremedlemmer: Reidar Dale (ikkje på val), Linda Rasmussen (ikkje på val), Wenche Nyborg (attval to år) og Leif Juvik (attval to år). Revisor: Kåre Kristianden (attval eit år) og valkomite Bjørn Hauge og Frode Dyrstad, begge attvalde for eit år. Frode og Bjørn vann 22. mai
23.05.2017
Ein litt forkorta spelekveld denne gongen sidan vi hadde årsmøte før speling, men suverent best over dei 21 spela vi spelte var Bjørn Hauge - Frode Dyrstad med 69,0 % score. Kampen om andreplassen blei jamnare, men til slutt var det Stig Gamlemshaug - Anders Johansson som blei to med 59,3 % og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen nummer tre med 58,3 %. Vi speler ein måndag til før vi tek sommarferie. Vel møtt! Tripp-trapp-tresko
15.05.2017
Dei kom som perler på ei snor dei tre beste para måndag 15. mai. Nummer 1 hadde +19, nummer to + 18 og nummer tre +17 poeng. Carl-Otto Curran - Reidar Dale leia stort sett heile kvelden og toppa og lista etter siste spel. 63,2 % score blei det til slutt. Tor Anders Hauge - Frode Dyrstad blei nummer to med 62,5 % og tredje blei det på Jørn Rekkum - Kåre Kristiansen med 61,8 %. Hugs at vi neste måndag avviklar årsmøte før spelinga. Vi starter som vanleg kl. 18.30. Vi håper å få lagt ut årsmøtepapira på sida her i løpet av veka så folk før høve til å lesa gjennom før møtet. Vel møtt!
Eit poengs margin for Jørn og Kåre
08.05.2017
Spelinga måndag 8. mai blei vunne av Jørn Rekkum - Kåre Kristiansen med knappast mogleg margin. 65, 3 % score var akkurat nok til å slå Anders Johansson - Tor Anders Hauge som oppnådde 64,6 %. Tredjeplass blei det på Bjørn Hauge - Frode Dyrstad med 59,0 %. Resultatliste og spelstensilar Neste måndag er det vanleg speling, medan vi måndagen deretter held årsmøte før spelinga. Vel møtt! Flotte resultat i Havgapet
07.05.2017
Årets «Bridge i Havgapet» gjekk av stabelen laurdag 6. mai med Austevoll bridgeklubb som arrangør. 23 par hadde funne vegen til Austevollhallen denne praktfulle mailaurdagen. Turneringa gjekk over 16 rundar à 3 spel med Oddmund Midtbø som turneringsleiar. Ein god del spelarar frå klubben hadde teke turen, og to av para nådde i premie. Beste par frå klubben blei Joleiv Midttveit - Leif Juvik med andreplass, og tett bak på tredje kom Bjørn Hauge - Frode Dyrstad. Suverene vinnarar av turneringa blei Finn Fyllingslid - Erik Eriksen frå Åsane Bridgeklubb. Resultatliste «Bridge i Havgapet» Sigerspallen Havgapet 2017. Frå vesntre: Leif Juvik, Joleiv Midttveit, Erik Eriksen, Finn Fyllingslid og Bjørn Hauge. Frode Dyrstad hadde sprunge for å nå ei ferje då biletet blei teke. Foto: Rune Fagerbakke, Austevoll BK.
Neste større turnering på desse kantar no er «Maibridgen» som går på Rubbestadneset Kr. Himmelfartsdag; torsdag 25. mai. Vi reknar med god deltaking frå klubben også der. Her er link for info og påmelding til turneringa.
|