NyheterAnders og Tor Anders toppa 24. april
24.04.2017
Siste simultanturnering denne sesongen blei spelt måndag 24. april Den blei vunne av Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 59,5 % score. Nummer to blei Per Skotheim - Hans Victor Koch med 57,1% og tredjeplassen gjekk til Ole Årland - Kåre Kristiansen med 55,6 %. NB! Neste måndag er 1. mai og ingen speling. Utanom den kvelden speler vi alle måndagar i mai. Vel møtt igjen måndag 8. mai! Bjørn og Frode suverene
10.04.2017
Siste spelekveld før påske blei spelt måndag 10. april. Det var kun tre bord som spelte denne gongen, så då blei det spelt IMP over feltet. Suverene vinnarar blei Bjørn Hauge og Frode Dyrstad som vann med over 100 poengs margin til Kåre Aasen - Tor Anders Hauge på andreplass. Jørn Rekkum - Dag Christensen blei nummer tre. Frå siste runde. Tor Anders og Kåre hadde ein ørliten sjanse til å henta inn nok poeng til å gå forbi, men Bjørn og Frode held lett unna til ein suveren siger for kvelden.
Neste måndag er 2. påskedag og spelefri, men måndagen etter speler vi som vanleg. Då går sesongens siste simultanturnering. NB! Nordisk meisterskap for ungdom blir spelt i Oslo i påsken. Både Thea Hauge og Carl-Otto Curran speler der. Meisterskapet startar fredag klokka 0900 og det blir BBO frå to bord gjennom heile turneringa. Det burde absolutt vera sjansar for å få sjå både Thea og Carl-Otto live denne påsken. Vi ynskjer begge lukke til og kryssar fingrane! God påske til alle! Torhild og Anne Merete vann 3. april
03.04.2017
Første spelekveld i april blei vunne av Torhild Rasmussen og Anne Merete Heggland med 64,3 % score. Tett bak på andre kom Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 62,7 % og tredjeplassen gjekk til Bjørn og Tor Anders Hauge med 57,1 %. Vi speler som vanleg neste måndag, men måndagen deretter er 2. påskedag og ingen speling. Sjå elles saka under for påmelding til diverse påsketurneringar, Bridge i Havgapet på Austevoll og Maibridgen på Rubbestadneset. Turneringar framover
02.04.2017
Det går mot vår og dermed innspurt på bridgesesongen. Ei rekkje påsketurneringar står på programmet framover, mellom anna Olrudpåsken og Jærpåsken. Sjå turneringsoversikten for innbydingar til dei. Over påske kjem mai raskt på og dermed både «Bridge i Havgapet» på Austevoll og «Maibridgen» på Rubbestadneset. Først ut er «Bridge i Havgapet». Turneringa blir i år spelt laurdag 6. mai i Austevollhallen. Turneringa går over 48 spel med inntil 40 par. Påmelding og info om turneringa her. «Maibridgen» på Rubbestadneset går som vanleg Kr.Himmelfartsdag; i år torsdag 25. mai. Her blir det 54 spel, også der med inntil 40 par. Påmelding og info om turneringa her. Begge turneringane brukar å samla godt med folk, også frå vår klubb, så det kan løna seg å vera tidleg ute med påmeldingar. Knepen siger til Bjørn og Frode
27.03.2017
Nest siste simultanturnering på denne sida av sommaren blei spelt måndag 27. mars. På lokalplanet blei det ein knepen siger til Bjørn Hauge og Frode Dyrstad med 64,3% score. Jørn Rekkum - Dag Christensen blei nummer to med 62,7 % og tredjeplassen gjekk til Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 56,3%. Lokale resultat og spelstensilar Resultat på landsbasis kjem tysdag på denne linken. Samanlagtresultat frå simultanturneringane denne sesongen. Siger til Frode og Bjørn denne gongen. Her frå sisterunden mot Torhild og Anne Merete som blei nummer fire. Vi speler to måndagar til før påskeferie. Vel møtt! Anders og Tor Anders vann 20. mars
20.03.2017
Spelinga måndag 20. mars blei vunne av Anders Johansson og Tor Anders Hauge med 62,7 % score. Kåre Kristiansen - Reidar Dale blei nummer to med 59,5 %, og tredjeplassen blei delt mellom Per Skotheim - Hans Victor Koch og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen, begge med 53,2 %. Neste måndag er det simultanturnering. Etter det er det to spelekveldar til før påske. Måndag 17. april er 2. påskedag og ingen speling.
Nytt spel i spelarkivet
18.03.2017
Eit nytt spel er lagt til i spelarkivet vårt, denne gongen ein fin slem meldt av Anne Merete og Torhild. Send gjerne spel som dukkar opp på spelekveldane våre. Kåre og Joleiv vann 13. mars
13.03.2017
Spelinga måndag 13. mars blei vunne av Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med solide 66,7 % score. Andreplass blei det på Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 56,3 % og tredje pallplass blei det på Reidar Dale - Carl Otto Curran med 54,7 %. Det blir speling som vanleg neste måndag, medan det er ny simultanturnering måndagen deretter. Hugs elles påmelding til dei forskjellige KM-turneringane. Påmelding og info her.
|