NyheterBjørn og Frode best
23.01.2017
Første simultanturnering i 2017 blei spelt måndag 23. januar. Også denne gongen var det tett i toppen. Før siste runde leia Bjørn Hauge og Frode Dyrstad saman med Torhild Rasmussen - Reidar Dale. Desse to para møttest i siste runde, ein runde som gjekk i Frode og Bjørn sin favør. Dermed vann dei spelekvelden. Tor Anders Hauge og Elisabeth Over spurta godt til andreplass framfor Torhild og Reidar.
Bjørn og Frode vann sisterunden og dermed spelekvelden, Torhild og Reidar blei nummer tre.
Resultat på landsbasis kjem på denne linken. Neste måndag er det vanleg speling, men allereie måndagen deretter er det ny simultanturnering. Vel møtt! Kontigent 2017
23.01.2017
Årskontigenten for 2017 er kroner 300.-. Kan betalast til konto 3631.50.30867, eller til Linda på ein spelekveld. Hugs å merk innbetalinga tydeleg med namn om du betaler til konto. Torhild og Anne Merete vann 16. januar
16.01.2017
Tre par kjempa om sigeren måndag 16. januar. Vinnarar til slutt blei Torhild Rasmussen - Anne Merete Heggland med 62,5 % score. Ikkje langt bak kom Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 61,9 % og tredjeplass blei det på Kåre Kristiansen - Ole Høgsve med 59,5 %. Komande måndag går årets første simultanturnering. Det blir ialt fem simultanturneringar utover våren. Stillinga samanlagt finn du på denne linken. Vel møtt! Flott bridgehelg på Herdla
15.01.2017
Diskusjonen gjekk høglytt i bilen på veg utover laurdag om det var fjerde eller femte året klubben arrnagerte klubbtur til Herdla. Om vi blei einige er eg ikkje sikker på, men uansett – årets Herdlatur blei minst like vellukka som dei tidlegare uansett kor mange det har vore. Eit bilete frå middagen laurdag her. Som i fjor blei det spelt tre turneringar. Først spelte vi ei lagturnering. Med fire lag på startstreken blei det tre lagkampar a 16 spel. Vinnarar av denne blei "Lag Kate" med Kate Fauskanger, Berit Grimstad, Elisabeth Østrem og Leif Juvik på laget. Etter middag blei det ei 20-spels singleturnering. Vinnar av denne blei Anne Merete Heggland framfor Laila Årland og med Gerd Nøttveit på tredjeplass. Til slutt blei det spelt ei 21-spels parturnering søndag føremiddag med trekt makker. Pallen her bestod av Torhild Rasmussen - Leif Juvik på første, Anders Johansson - Laila Årland på andre og Anne Merete Heggland - Berit Grimstad på tredjeplass. Klubben har alt booka Herdla Gjestgiveri same helga neste år, så for dei som ynskjer å vera med 13. - 14. januar 2018 er det bare å sei frå. Leif Juvik Anders og Tor Anders vann første spelekveld i 2017
09.01.2017
Første spelekveld i det nye året blei spelt måndag 9. januar. Det var tett i toppen denne gongen, med vinnarar til slutt blei Anders Johansson og Tor Anders Hauge med 59,9% score. Ole og Laila Årland kom poenget bak og blei nummer to med 59,4 %, og tredjeplassen gjekk til Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 57,3 %. Resultatliste og spelstensilar Neste måndag er det vanleg speling medan første simultanturnering i 2017 går måndagen deretter. Vel møtt! Godt nytt bridgeår!
31.12.2016
2016 er snart historie og 2017 står for tur, forhåpentlegvis eit godt nytt bridgeår. Sidan Eldresenteret er opptatt første måndagen i januar blir det ikkje speling denne kvelden. Første spelekveld blir dermed måndag 9. januar. Elles står høgdepunkta i kø framover. Det første store på programmet er Nyttårscupen på Jessheim 7. - 8. januar. Thea Hauge speler der med jentelandslaget. Om fleire vil vera med er det framleis plass. Info og påmelding her. Helga etter går klubbturen vår til Herdla Gjestgiveri. Turen er eigentleg fullteikna, men vi klarer kanskje å finna plass til eit par eller to til om vi snakkar fint med Anne Merete. Tredje helga i januar er og ei stor bridgehelg. Ole og Laila Årland speler Gol-cup, og vil du reisa lengre kan du slå deg saman med Tor Anders Hauge og Anders Johansson og reisa til København og spela Radisson Blu Scandinavia IMP pairs. Og til slutt kan vi ta med helga 4. - 5. februar då divisjonsspelinga i dei lågare divisjonane blir avslutta. Os har i alle fall eit, kanskje to lag som kjempar om opprykk til tredjedivisjon. Resultatliste etter første helga her. Vel møtt til eit aktivt bridgeår i 2017! Jim og Sven-Olai Høyland suverene vinnarar av juleturneringa
26.12.2016
Det er vel to ting ein kan klaga over ved årets juleturnering som blei spelt i Nore Neset aktivitetshus måndag 26. desember. Det eine er veret som var ganske heftig. Urd er ikkje å spøka med. Vi håper det går greit å koma seg heim for alle som deltok, spesielt dei som er avhengig av ferge. Det andre å klaga på var spenninga i turneringa. Denne gongen varte ikkje den lenge. Sven-Olai Høyland og Jim Høyland fekk ganske fort ei stor leiing, og etter det var det aldri spørsmål om kor sigeren skulle gå. Kampen om andreplassen blei imidlertid jamn, og den blei til slutt vunnen av Christian Bakke og Bjørn Olav Ekren, hårfint framfor Ann-Mari Mirkovic - Ole Kvamme. Alle dei tre første para på resultatlista representerte Bergen Akademiske BK. Beste ospar blei Tor Anders Hauge - Anders Johansson på fjerdeplass. Korta på spel 41 måtte leggast om under spelinga og stemmer ikkje. Lista over vinnarar av nyttårsturneringa vår er no oppdatert Her er bilete av vinnarparet; Sven-Olai til vestre. Fleire bilete frå turneringa kjem på Facebook-sida vår når vi får sortert og behandla. Skulle nokon ha eit fint spel å fortelja om ville det vera fint å få høyra om. Kåre og Joleiv vann siste før jul
19.12.2016
Siste spelekveld før jul blei spelt måndag 19. desember, og denne gongen vann Kare Aasen - Joleiv Midttveit med 62,1 %. Tett bak kom Thea og Bjørn Hauge med 61,7, og tredjeplassen gjekk til Åse Bauge Elisabeth Over med 56,7 % Neste måndag er 2. juledag og då går årets juleturnering av stabelen i Nore Neset Aktivitetshus. Påmelding til den her. Og til slutt: Riktig god jul til alle!
|