NyheterÅrsmøte 14. september
28.08.2020
Styret i Os bridgeklubb kallar inn til årsmøte 14. september kl. 18.30 i Eldresenteret.I tillegg til årsmøte ynskjer styret å diskutera korleis vi kan få til fysisk bridgespeling i klubben denne hausten. Forslag vil bli lansert. Bjørn og Frode vann KM par – klar for NM-finale i september
23.08.2020
Bjørn Hauge og Frode Dyrstad knuste all motstand og vann KM par som blei spelt i Bergen laurdag 22. august. I det 17 par store feltet hadde dei ca 3 % ned til neste par på lista som blei Finn Fyllingslid - Helge Hantveit frå Bergen Akademiske BK. På tredjeplass kom Rune Fagerbakke - Bjarte Haugland frå Austevoll BK. Med siger i KM er Bjørn og Frode kvalifisert for årets parfinale. Den blir spelt i Kragerø 18. - 20. september, så det blir ikkje lang tid til førebuingar.
Klubbspelinga avlyst ut sesongen
14.04.2020
Sidan koronakrisa ser ut til å vara ved ei god stund framover har styret valt å avlysa resten av spelekveldane i eldresenteret ut sesongen. Kjem tilbake med info om dato for oppstart igjen etter kvart som vi veit meir om korleis det blir med reglar for arrangement/tilstellingar. Årsmøtet som var planlagt til siste spelekveld før sommaren blir òg utsatt til hausten. Rekneskapet blir avslutta og underskrive av kasserer, leiar og revisor for bruk i søknader med frist før vi får avvikla årsmøtet. Spelinga på nett held fram utover våren. Vi køyrer dei to turneringane vi har fast på Funbridge og måndagar kl 18.30 på BBO. Sjå info om dette i sakene under. Nyaste versjon av BBO er denne. Det kan òg bli aktuelt med fleire tilbod på nett om det skulle vera ynskjeleg. Hugs òg NBF sine turneringar på BBO som går kvar veke torsdag-søndag. Sjå bridge.no for info om desse. Vi håper å snart kunna treffast ved bordet igjen. Styret
"Klubbkveldar" på BBO
15.03.2020
Medan koronaviruset herjar landet må vi finna andre måtar å spela bridge på i tida som kjem. Heldigvis har vi BBO, og klubben vil framover arrangera "klubbkveldar" saman med Austevoll BK. Første turnering vil vi prøva å få til måndag 16. mars kl 18.30. Vi har laga ei liste over alle medlemmer vi veit om som har konto på BBO. Pr. søndag ettermiddag ser den slik ut: Jeppe1, karkri, kokken, Leifj, stabby, stinus, horgo, theaen1, tmjj, fdy, reidus, Dagchr, kbright, wenchenyb,bjarnev, anliho, stigopp, amsh63, eikebraate, Sinoberia, aageblix, NTerje, Paul, Brekkhus, pettetsen5, ole arland,Th14, Lyderolsen, Torgrini, h32av, Ajb1, brekkhus, poul22, H32H, bokken, selbjorn, carlotto99, pisi pisi, Perskoth, Bompilomp, JORN1 Alle som ynskjer å delta må stå på lista. Send ein sms på 938 40 376 med bbo-nick om det manglar i lista så fører vi det på. Om du ikkje alt har BBO-konto kan du logga inn og laga deg ein her:
Ingen installasjon er nødvendig. Spelinga foregår i nettlesaren Vel møtt til speling på BBO framover! Pause i klubbspelinga
12.03.2020
På grunn av tiltaka som er sett i verk for å redusera smittespreiing av corona-viruset må vi dessverre avlysa dei neste spelekveldane i klubben. I første omgang blir det stopp fram til påske. Vi håpar å vera igang igjen måndag 20. april. KM lag som skulle gått laurdag 21. mars er òg utsatt inntil vidare. Kåre og Jørn vann 9. mars
09.03.2020
Spelinga denne måndagen blei vunne av Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 60,2%, Nummer to blei Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 56,4% og tredje gjekk til Reidar Dale - Kåre Aasen med 55,6%. Resultat og spelstensilar Hcp viser med handicapberekning, Scratch utan. Neste måndag er det simultan Vel møtt! Kåre og Frode med knepen siger
02.03.2020
Kåre Aasen - Frode Dyrstad vann spelinga måndag 2. mars (scratch). 61,8% var akkurat nok til å slå Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen som enda på 61,1%. Tredje gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 57,6%. Vanleg speling neste måndag, og ny simultan måndagen deretter Vel møtt! Reidar og Kåre back on track
24.02.2020
Simultanturnering igjen måndag 24. februar, og som så mange gonger før denne vinteren blei det siger til Reidar Dale - Kåre Aasen, 59,4% på dei, medan det blei delt andreplass mellom Bjørn Hauge - Anne Linda Hove og Tor Anders Hauge - Dag Christensen, begge med 54,2%. Resultat på landsbasis kjem her Hugs påmelding til KM lag på Austevoll 21. mars.
|