NyheterBjørn og Joleiv nummer to i Storturneringen
17.04.2016
Helga 16. - 17. april gjekk årets Storturnering, Som vanleg var det fleire par frå klubben til start i a-gruppa, og denne gongen blei det nesten ossiger. Bjørn Hauge og Joleiv Midttveit leia turneringa før siste runde, men Tove Haugen - Tore Bårdsen hadde ein kjempespurt og gjekk forbi. Likevel ein finfin andreplass til Bjørn og Joleiv i det 38 par store feltet. Ingen par frå Os stilte i mester denne gongen. Vinnarar her blei Arild Rasmussen - Kjell Gaute Fyrun. Maibridgen
12.04.2016
Tradisjonen tru inviterer Rubbestadneset BK til maibridge Kr. Himmelfartsdag. I år kjem den alt 5. mai, så det kan vera lurt å melda seg på her ganske fort. Turneringa bruker å bli fullteikna. Klubbkamp mot BAK 26. april og 2. mai
11.04.2016
Eit sikkert vårteikn er at Os og Bergen Akademiske BK møtest til klubbkamp. Årets utgåve er den åttande i rekkja, og BAK leier 5-2 etter sju kampar. I år blir det speling på Os måndag 26. april, og returoppgjer på Studentsenteret hos BAK måndagen etter. Spelekvelden på Os er også simultanturnering. Vi legg opp til felleskøyring frå Kyrkjetunet for dei som ynskjer skyss når vi har bortekamp 2. mai. Sidan BAK startar spelekveldane klokka 18.15 må vi reisa klokka 17.15. Elles er det berre å ta seg fram på eiga hand for dei som ynskjer det. Vel møtt! Anders og Tor Anders med 70 %
11.04.2016
Måndag 11. april var det landskamp mellom Noreg og Sverige som stod på programmet. Anders Johansson og Tor Anders Hauge oppnådde ein kjempefin score, og vi får sjå kor langt opp det når i landskampen. 70,0 % var i alle fall rikeleg til å vinna lokalt. Andreplassen gjekk til Reidar Dale og Dag Christensen med 65,8 %, og tredje til Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg med 60,8 %. Resultatliste og spelstensilar Neste måndag er det vanleg speling, før det blir klubbkamp mellom BAK og og dei to påfølgande måndagane. Sjå sak over. Årsmøte
11.04.2016
Siste spelekveld denne sesongen blir måndag 30. mai. Som vanleg avviklar vi årsmøte i forkant av spelinga denne kvelden. Saker ein ynskjer tatt opp på møtet kan leverast til Anne Merete seinast ei veke før møtet. Vel møtt! Bjørn og Frode best
04.04.2016
Det blei soleklar siger til Bjørn Hauge og Frode Dyrstad då klubbspelinga starta opp att etter påskepausen. 62,1 % score oppnådde dei, medan Anders Johansson - Tor Anders Hauge på andreplass hamna på 57,5 %. Tredjeplassen gjekk til Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit med 56,3 %. Resultatliste og spelstensilar
Neste måndag blir det blir det landskamp mot Sverige. Vel møtt! Katarina og Ann-Mari best 21. mars
21.03.2016
Siste spelekveld før påske blei spelt måndag 21. mars, og det var gjestene frå BAK som stakk av med sigeren denne gongen. Katarina Ekren og Ann-Mari Mirkovic oppnådde 65,9 % og det var akkurat nok til å slå Per Skotheim - Kåre Solibakke som stoppa på 65,1 %. Jørn Rekkum - Tor Anders Hauge blei nummer tre med 61,1 % Sidan neste måndag er 2. påskedag blir det ingen speling. Første spelekveld over påske blir måndag 4. april. Det blir vanleg speling den kvelden, før det blir landskamp mot Sverige måndagen etter. Vel møtt då, og god påske til alle! Stig klar for NM-finalen for par
20.03.2016
Stig Gamlemshaug er klar for NM-finalen for par etter at han palmehelga vann KM par på Haugalandet saman med makker Roger Træet. Klubben gratulerer!. NM-finalen for par blir spelt frå 23. til 25. september, og det er Kristiansand Bridgeklubb som er arrangør denne gongen. Resultatliste KM på Haugalandet Stig og Roger klar for NM-finalen. Biletet her er frå Austevoll etter sigeren i Bridge i Havgapet 1. mai 2015.
|