Nyheter74,5 % score
14.03.2016
Bjørn Hauge og Frode Dyrstad var i storform måndag 14. mars, og oppnådde heile 74,5 % score. Det held sjølvsagt til soleklar siger. Ole og Laila Årland blei nummer to med 62,5 % og Per Skotheim - Kåre Solibakke nummer tre med 58,9 % Neste måndag er det vanleg speling, men måndagen deretter er spelefri (2. påskedag) Vel møtt! Rapport frå ungdomskurset
09.03.2016
Det blei eit flott ungdomskurs på biblioteket siste helga i februar. Fem ungdomar var med og det blei to travle dagar, med teori, speling og lagkamp til slutt. Rapporten frå kurset er no ferdig og sendt NBF. Den kan lesast her. Torhilds tale til bridgeungdomen kan sjåast her. Eit bilete frå kurset. Med ryggen til sit Marte (med kort) vidare frå venste Lea, Fartein, Daniella og Edel (med ryggen til). Torhild ståande i bakgrunnen.
Stig og Thea toppa
07.03.2016
Det blei siger til Stig Gamlemshaug og Thea Hauge måndag 7. mars. 58,9 % på dei, medan Reidar Fosse - Gunnar Holm på andreplass fekk 56,3 %. Bjørn Hauge - Frode Dyrstad kom på tredje med 55,7 % Resultatliste og spelstensilar Vi speler to måndagar til før det blir påskepause. Vel møtt! Landskamp mot Sverige 11. april
03.03.2016
Noreg møter Sverige til simultanlandskamp måndag 11. april. Os er med, og vi håper alle gjer sitt beste for å banka svenskane kraftig. Årets klubbkamp mot BAK blir spelt måndagane 25. april og 2. mai. 25 april blir det speling på Os, og denne kvelden er også simultanturnering. Returoppgjer på Studentsenteret blir det måndag 2. mai. Spel mot eit mål
29.02.2016
Ingen tvil om kor sigeren skulle gå måndag 29. februar; Kåre Kristiansen og Olav Monstad stakk frå feltet frå start og auka leiinga heile vegen. 68,2 % score blei det til slutt. Delt andreplass blei det mellom Ole og Laila Årland og Anders Johansson - Tor Anders Hauge. Begge para stoppa på 55,2 % Vi speler tre måndagar til før påske. Vel møtt! Kåre og Olav vann simultanturneringa lokalt
22.02.2016
Siste simultanturnering før påske blei vunne av Kåre Kristiansen - Olav Monstad med 63,5 % score. Per Skotheim - Kåre Solibakke blei nummer to med 62,0 %, og tredjeplass blei det på Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 57,8 %. Lokal resultatliste med spelanalysar Resultat på landsbasis blir oppdatert på denne linken etter kvart som dei kjem inn. Hugs at vi held kurs for ungdom på Os folkebibliotek komande helg. Vi har fire påmeldte jenter i alderen 13 - 17 år. Torhild tar påmeldingar heilt fram til laurdag. Det blir speling kvar måndag fram til og med 21. mars. Måndag 28. mars er andre påskedag og ingen speling. Vel møtt! Kåre Solibakke - Per Skotheim vann klubbmeisterskapet
15.02.2016
Siste spelekveld av årets klubbmeisterskap blei spelt måndag 15. februar. Etter to kveldar var det tett i toppen og mange vinnarkandidatar. Kåre Solibakke og Per Skotheim var ein av kandidatane, og med kveldssiger gjekk dei heilt til topps i samandraget med relativt god margin til Kåre Kristiansen - Olav Monstad på andreplass. Tor Anders Hauge blei nummer tre samanlagt. Kveldsresultat med spelstensilar Samanlagt etter tre kveldar, sluttresultat Neste måndag er det ny simultanturnering. Vel møtt! Flott reklame i Midtsiden
09.02.2016
På spelekvelden måndag 8. februar hadde vi besøk av Midtsiden som laga ei flott førehandssak for ungdomskurset vårt siste helga i februar.
|