NyheterOs 3 til fjerde runde NM klubbar
15.01.2016
Os 3 er vidare til fjerde runde NM klubbar. Torsdagens kamp mot Samnanger 2 blei vunne 94 - 64, etter at Samnanger leia med eit IMP halvvegs. På Os sitt lag spelte denne gongen Thea Hauge, Anders Johansson, Leif Juvik og Kåre Kristiansen. Bridge på «Ung Lørdag» laurdag 30. januar.
14.01.2016
Som oppkøyring til ungdomskurset vårt siste helga i februar blir det bridge på «Ung Lørdag» i gymnastikksalen på Os Barneskule laurdag 30. januar klokka 19. Spre gjerne info til alle i målgruppa. Jørn og Joleiv vann 11. januar
11.01.2016
Første spelekveld i 2016 blei spelt måndag 11. januar, og det blei siger til Jørn Rekkum og Joleiv Midttveit denne gongen med 65,8 % score. Andreplassen gjekk til Reidar Fosse - Gunnar Holm med 62,5 %, og tredje til Bjørn Hauge - Frode Dyrstad med 55,0 %. Resultatliste med spelstensilar Vi speler kvar måndag fram til påske no. Det blir vanleg speling neste måndag, og simultanturnering måndagen deretter. Hugs to ting: Dei som ikkje har betalt kontigent må passa på å få gjort det; enten til Linda på ein spelekveld, eller til konto 3631.50.30867. Det andre å hugsa er å gjera kjent ungdomskurset vårt som går helga 27. - 28. februar. Vi satser på å få laga til eit godt opplegg der. Bridgekurs for ungdom
06.01.2016
Bakke Bakke best
27.12.2015
Tor og Christian Bakke, Bergen Akademiske BK, kom ganske tidleg til tet, og etter det snudde dei seg ikkje tilbake. 66,0 % score blei det til slutt. Arild og Jonny Rasmussen, også dei Bergen Akademiske, blei nummer to med 61,1 %, og på tredjeplass kom Trond Are Nitter - Rune Wichmann Haldorsen frå Rubbestadneset BK med 60,4 %. Tor Bakke (til venstre) og Christian Bakke vann juleturneringa i suveren stil. Her frå premieutdelinga med premieutdelar Linda Rasmussen.
Resultatliste og spelstensilar Tidlegare vinnarar av juleturneringa Turneringa blei som vanleg leia på ein framifrå måte av Leif Gunnar Kleppevik. Vi takkar alle for frammøtet og ynskjer vel møtt til ny juleturnering på Os neste år. Ole vann måndag 21. desember
22.12.2015
Siste klubbkveld i 2015 blei spelt måndag 21. desember, og det blei spelt single-turnering. Ole Høgsve gjekk til tet alt etter første runde, og blei der heile kvelden. 60,9 % score blei det på han. Torhild Rasmussen kneip andreplassen med 57,3 % framfor Bjørn Hauge på tredjeplass med 56,3 %. Resultatliste og spelstensilar Dette var som sagt siste spelekveld i 2015. Sidan Eldresenteret er opptatt måndag 4. januar blir det ikkje speling denne kvelden. Første spelekveld over nyttår blir dermed måndag 11. januar. Vel møtt då, og riktig god jul til alle Alt er fullt
15.12.2015
Både juleturneringa og Herdla-turen er no på det næraste fullteikna. Juleturneringa har pr. 14. desember 35 påmeldte par (max 36). Det blir eit felt med mange gode par. Påmeldte par her. Herdla-turen i januar har 16 spelarar påmeldt. Då er det fullt der, og vi håper å få til ei skikkeleg lag-turnering + gjerne ei single-turnering. Bridgekurs for ungdom i februar
14.12.2015
Som tidlegare nemt har klubben fått 5000 i støtte frå NBF til kurs/samling for ungdom (LNU-midlar). Vi har no ordna lokale for samlinga, og den vil gå helga 27. - 28. februar. Stad blir Os Folkebibliotek. Endeleg program vil komma over nyttår, men det er bare å alt no gje beskjed til alle som kan ha interesse om tid og stad. Aldersgrense oppover er 26 år. Kurset blir gratis. Påmelding til Torhild.
|