NyheterThea og Marte på 7. plass NM junior
17.07.2015
NM junior par 2015 blei spelt 16. - 17. juli. Turneringa gjekk i Tromsø i forbindelse med juniorleiren, og 20 par stilte til start. Thea Hauge spelte saman med Marte Haugen Klingen frå Orkdal BK, og dei kjempa høgt på lista gjennom heile turneringa. Heilt fram til dei siste rundane var dei med å kjempa om bronsemedaljane, men ein tung runde mot vinnarane Christian Bakke og Harald Eide gjorde at det blei sjuandeplass til slutt. Likefult ei finfin plassering i NM, og vi ynskjer lukke til i ungdoms-EM for jentelag som startar søndag.
Ope EM går mot slutten
10.07.2015
Første del av Tromsø-EM går no mot slutten. I skrivande stund er det finalen i ope EM for par som blir spelt, saman med Marit Sveaas minneturnering. Begge desse turneringane blir avslutta laurdag 11. juli, og då er det opne EM slutt. Men fortvil ikkje. Etter ein liten "pause" med juniorleir i veke 29 blir det igjen mykje action i veke 30 med EM for ungdomslag. Her er Thea med på det norske jentelaget, og det blir sikkert mykje å sjå frå alle klassane på BBO. Resultatmessig var det Thea Hauge saman med makker Marte Haugen Klingen frå Orkdal som var nærast å nå ein finale av osingane. 25. plass i kvalifiseringa i par dame-EM var akkurat litt for dårlig for å nå a-semifinalen. I b-semifinalen gjekk det heller trått for Thea og Marte, og det blei langt fram til tredjeplassen som ville gitt plass i finalen. Heller ikkje Bjørn Hauge og Tor Anders Hauge nådde finalen i EM par. Også dei hamna i b-semifinalen og med kun dei 6 beste vidare til finalen derifrå var det vanskeleg. Det enda med 44.plass blant dei 107 para som spelte b-semifinale. Resultat alle hovudturneringane Resultat frå alle sideturneringar Nokre bilete frå Tromsø-EM ligg under les mer Nytt spel i spelarkivet
20.05.2015
Eit spel frå spelinga måndag 18. mai er lagt til i spelarkivet
Joleiv og Jørn vann måndag 18. mai
18.05.2015
Siste spelekveld denne sesongen blei vunne av Joleiv Midttveit - Jørn Rekkum med 67,1 & score. Elisabeth Østrem Over - Wenche Torgersen Nyborg blei nummer to med 61,9 %, og tredjeplassen gjekk til Thea og Bjørn Hauge med 60,5 %. Fullstendig resultatliste og spelanalysar her Årsmøtet som blei avvikla før spelinga gjekk utan dramatikk. Styret som har vore inneverande sesong held fram også neste med eit unntak. Wenche Torgersen Nyborg erstattar Olav Monstad. Årsmelding og rekneskap ligg i saka under. Dette var siste spelekveld denne sesongen. Første kveld til hausten blir måndag 24. august. God sommar til alle, og vel møtt igjen i august! Årsmøte måndag 18. mai kl 18.30
13.05.2015
Det blir årsmøte i forkant av spelinga måndag 18. mai. Årsmelding og rekneskap i lenka under (pdf-fil). Vel møtt! Jørn og Joleiv til topps måndag 11. mai
11.05.2015
Spelinga måndag 11. mai blei vunne av Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit med 61,7 % score. Tettbak på andreplass med 61,3 % kom Reidar Fosse - Gunnar Holm, og tredjeplassen gjekk til Frode Dyrstad - Dag Christensen med 59,6 %. Neste måndag er siste spelekveld denne sesongen. Vi startar kl 18.30 med årsmøte, og speler etter møtet (tilpassar antall spel). Årsmøtepapira blir sendt ut i løpet av veka. Vel møtt! Os vann 7. utgåve av Pokalkampen mot BAK
07.05.2015
Os og Bergen Akademiske BK møttest til Pokalkamp måndagane 27. april og 4. mai. Dette var sjuande året på rad at vi møttest til kamp, og aldri har vel kampen vore jamnare. Første kveld vann Os med ein snittscore på para på 51,67 %. Andre kvelden var BAK best. Snittscore på ospara denne kvelden blei 49,23 %. Det held med eit naudskrik til samanlagtsiger for Os som totalt oppnådde 100,9 % mot BAK 99,1 %. Etter sju år er dermed stillinga at BAK leier kampen 5-2. Individuelt var det ingen tvil om kven som var best. Øyvind Henden vann like godt begge kveldane (med forskjellig makker), og vann dermed overlegent. Beste osspelar blei Tor Anders Hauge med tredjeplass. Andre kveld Pokalkampen Os-BAK
04.05.2015
Andre kveld av Pokalkampen mellom Os og BAK blei spelt måndag 4. mai. Resultata blir lagt ut tysdag.
|