NyheterTor Anders og Dag vann 17. februar
17.02.2020
Tor Anders Hauge og Dag Christensen gjekk til topps denne gongen med 63,2% score (scratch). Andreplass blei det på Frode Dyrstad - Bjarne Vågen med 61,1% og tredje til Karin Breit - Leif Juvik med 59%. Neste måndag blir det ny simultan. Hugs KM lag på Austevoll i mars. Påmelding og info om turneringa i saka under.
Kåre og Jørn braut sigersrekka
10.02.2020
Spelinga måndag 10. februar blei vunne av Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum. Dermed braut dei Kåre Aasen - Reidar Dale si sigersrekke som har gått over alle spelekveldane etter nyttår, men dei var kun eit poeng frå sigeren denne gongen òg. Tredje gjekk til Leif Juvik - Bjarne Vågen. (Scratch viser utan handicapberekning, Hcp viser med) Neste måndag er vanleg speling, og måndagen deretter er ny simultan. Kretsmeisterskap for lag Invitasjon til kretsmeisterskapet for lag er no klar. Turneringa går på Austevoll laurdag 21. mars. Reidar og Kåre ustoppelege
03.02.2020
Måndag 3. februar var det ny simultan. Som dei tre foregåande spelekveldane blei det siger til Reidar Dale - Kåre Aasen. Nummer to blei Tor Anders Hauge - Dag Christensen, og tredje gjekk til Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg. Lokale resultat med spelstensilar Håper at resultata på spela i andre runde no er korrekt. Sjå gjerne spesielt på desse og gje ein lyd om det fortsatt er feil her. Neste to måndagane er vanleg speling før det blir ny simultan siste måndag i februar. Vel møtt! 3 på rad
27.01.2020
For tredje gong på rad blei det siger til Reidar Dale - Kåre Aasen. Heile 71,5 % score denne måndagen. Delt andreplass blei det mellom Karin Breit - Leif Juvik og Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum , begge med 57,6 %. Neste måndag er det ny simultanturnering Elles nærmar deg seg tid for KM, både lag og par. KM lag går laurdag 21. mars (stad enno ikkje bestemt), medan KM par (kvalifisering til NM par) går laurdag 18. april . Stad for par blir i år som i fjor - Halhjem kafè. Reidar og Kåre vann igjen
20.01.2020
Same vinnarpar blei det denne måndagen som forrige. Reidar Dale - Kåre Aasen vann framfor Jørn Rekkum og Kåre Kristiansen. På tredje kom Frode Dyrstad - Wenche Nyborg. Resultat og spelstensilar 20. januar I helga som var blei det spelt juniorturnering på Nore Neset. 13 par deltok og vinnarar av a-gruppa blei Christian Bakke - Christian Fredrik Johnsen. Turneringa si facebookside har bilete av alle premievinnarane og andre bilete frå bridgehelga på Nore Neset. Os og Fusaposten kjem med to-siders reportasje i tysdagsutgåva. Her er vinnarane av turneringa. SpareBank1 SR-Bank junior open 2020
13.01.2020
Til helga arrangerer Os juniorbridgeklubb si første store turnering. SR-bank er hovudsponsor for turneringa, og saman med ei rekke mindre sponsorar gjer det ei turnering med ei flott premiering. Sjølve turneringa startar laurdag kl 10 og vi reknar med premieutdeling rundt klokka 18. Det kjem tilreisande frå både nord og sør, så det blir bridgeaktivitetar på Nore Neset skule gjennom heile helga. Dei som ynskjer må sjølvsagt gjerne stikka innom og sjå ein del av noregs beste juniorspelarar i aksjon. Aktuelle linkar:
Aasen - Dale toppa lokalt
13.01.2020
Måndag 13. januar blei første simultan i det nye året spelt. Reidar Dale - Kåre Aasen toppa lokalt, framfor Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen Neste simultan går om tre veker Reidar og Kåre vann
06.01.2020
Små marginar skilde på første spelekvelden i det nye året, men det gjekk vegen for Reidar Dale - Kåre Aasen som vann framfor Bjørn Hauge - Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge - Dag Christensen på tredje (hcp-lista). Same rekkefølge på scratch-lista. men der blei det daudt løp mellom nummer ein og to. Neste måndag speler vi simultan. Vel møtt!
|