NyheterFrode og Stephan best på valdagen
09.09.2019
Frode Dyrstad og Stephan Irgens-Hagevik blei klare vinnarar på klubbkvelden valdagen. Med IMP over feltet scora dei + 98, med Linda Rasmussen - Gerd Nøttveit på andre med + 49 og Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum på tredje med + 26. Neste måndag er det speling som vanleg og måndagen deretter er det ny simultan. Se saka under for innbydingar til diverse turneringar, Kåre på første og Kåre på andre
02.09.2019
Sesongens første simultan blei spelt måndag 2. september. Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum vann lokalt knepent framfor Kåre Aasen - Rolf Selbakk. Det blir speling som vanleg neste måndag sjølv om det er val. Hugs å røysta før bridgen! Neste simultan går allereie måndag 23. september. Komande turneringar: Seriemesterskapet 2019/2020, 4. divisjon blir spelt i Bergen første helga i november
Bjørn og Frode toppa scratch
26.08.2019
Scratch-lista måndag 26. august blei toppa av Bjørn Hauge og Frode Dyrstad med 60,4% score. Med handicap-berekning gjekk Jørgen Blix - Stephan Irgens Hagevik til topps. Her er resultata for kvelden med spelstensilar Neste måndag går sesongens første simultan. Vel møtt! Tor-Anders og Dag vann første spelekveld
19.08.2019
Første klubbkveld denne sesongen blei vunne av Tor-Anders Hauge - Dag Christensen med 61,1 % score framfor Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 57,1 og tredje til Kåre Aasen - Reidar Dale med 56,4%. Vi speler som vanleg kvar måndag framover. Neste måndag er vanleg speling og måndagen deretter går sesongens første simultanturnering. Scratch viser resultat utan handicapberekning, HCP viser resultat med. Klubbspelinga startar opp måndag 19. august
09.08.2019
Klubbspelinga startar opp att etter ferien måndag. 19. august. Brev om oppstart er sendt ut, men kan òg lesast på linken under Vel møtt! Reidar ny leiar
27.05.2019
I forkant av siste spelekveld blei det som vanleg avhold årsmøte. Årsberetning blei gjennomgått og godkjent. Rekneskap blei gjort opp med eit underskot på ca 13 000 og godkjent. I tillegg blei juniorklubben sitt rekneskap godkjent og gjort opp med eit overskot på ca 19 000. På punktet om val av spelestad var det eit klart ynskje å halda fram å spela i eldresenteret. Styret forsøker å forhandla ned husleiga. Kveldskontigenten blei auka til kr 70.- pr spelekveld, men med moglegheit å betala for alle kveldane samla to gonger pr. sesong til kroner 60.- pr. kveld. Etter årsmøtet ser styret slik ut: Leiar Reidar Dale (ny) kasserar: Linda Rasmussen (ikkje på val) styremedlemmer: Joleiv Midttveit (ny 2 år), Wenche Nyborg (attval 2 år) og Leif Juvik (attval 2 år). Revisor Kåre Kristiansen (attval). Valkomite: Bjørn Hauge og Frode Dyrstad (begge attval). Årsberetning og rekneskap kan lesast på denne linken Reidar Dale blei valt til ny leiar for klubben Kåre og Joleiv tok siste stikk
27.05.2019
Det var spel mot eit mål då vårsesongen blei avslutta måndag 27. mai. Kåre Aasen - Joleiv Midttveit oppnådde + 121,3 (IMP over feltet), medan Tor Anders Hauge - Dag Christensen blei nummer to med + 37. Tredje gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med -1,3. Då blir det pause i klubbspelinga fram til medio august. Men for dei som vil spela i sommar er det nok av moglegheiter; sommarbridge i Åsane kvar tysdag, Storefjellfestivalen i pinsen, Marit Sveaas 5. - 7. juli og Norsk Bridgefestival 2. - 10. august for å nemna noko. God sommar til alle! Carl-Otto og Jørgen best 20. mai
20.05.2019
Spelinga måndag 20. mai blei vunne av Carl-Otto Curran - Jørgen Blix med + 18 (IMP over feltet) framfor Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med + 14. Delt tredje mellom Bjørn Hauge - Anne Linda Hove og Kåre Aasen - Joleiv Midttveit, begge med + 9. Bjørn hadde ein i opplæring denne kvelden :) Neste måndag er siste spelekveld før sommaren. Vi starter med årsmøte. Papira blir sendt ut på epost i løpet av veka. NB: Hugs utebridge på Osøyro komande laurdag klokka 11 - 14. Håper så mange som mogleg stiller.
Vel møtt!
|