Overskrifta er ikkje karakterar på skihopp, men plusspoenga på dei tre beste para måndag 9. mars. Reidar Dale - Tor Anders Hauge kneip sigeren, med Kåre Kristiansen - Leif Juvik på andreplass og Thea og Bjørn Hauge på tredje.
Neste måndag er det ny simultanturnering. Dette er sjette simultanturnering vi speler denne sesongen, så dei som har deltatt på alle kan no byrja å stryka resultat på "Veien til Tromsø". Bjørn Hauge ligg pr. no best an av våre med 38. plass.