I forkant av siste spelekveld før sommaren blei det som vanleg halde årsmøte. Årsberetning og rekneskap ligg i lenka under. Anne Merete Heggland har site som leiar i åtte år og takka denne gongen nei til attval. Linda Rasmussen overrekte blomar frå heile klubben for godt utført arbeid i mange år.
Som ny leiar blei Anders Johansson vald. Elles blei styret uendra frå det forrige, med attval av Linda Rasmussen og Reidar Dale + Leif Juvik og Wenche Nyborg som ikkje var på val denne gongen.