Siste spelekveld før sommarferien blei spelt måndag 30. mai. Vann gjorde Åse Bauge - Anders Johansson med 59,5 % score. Kåre Kristiansen - Olav Monstad blei nummer to med 58,7 % og tredjeplassen gjekk til Ole Høgsve - Leif Juvik med 56,3%.
Dette var siste spelekveld på denne sida av sommaren. Første spelekveld etter sommaren blir måndag 22. august. For dei som ikkje vil venta så lenge er det sommarbridge i Åsatun kvar tysdag kl. 1830.
God sommar til alle, og vel møtt igjen 22. august.