Anders Johansson og Tor Anders Hauge blei klare lokale vinnarar då sesongens andre simultanturnering blei spelt måndag 5. oktober. 68,8 % stoppa dei på, medan Terje Søviknes - Stig Gamlemshaug på andreplass fekk 61,5 %. Tredjeplassen gjekk til Torhild Rasmussen - Bjarne Vågen med 53,1 %.
Foreløpige resultat på landsbasis finn duher.Pr. tysdag ettermiddag manglar framleis resultata frå 4 puljer, så sluttresultatet er neppe klart før onsdag. Men ei plassering heilt i toppen blir det nok uansett på Anders og Tor Anders.
Hugs at «Bridge med Bjørn» som måtte utgå denne måndagen bli komande måndag i staden. Vi starter klokka 18.00.