Anders Johansson og Tor Anders Hauge vann med god margin spelinga måndag 30. april. 60% blank stoppa dei på, medan Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen blei nummer to med 53,1%. Tredjeplassen gjekk til Jørn Rekkum - Kåre Kristiansen med 48,8%.
Vi speler alle måndagane i mai unntatt 21. mai som er 2. pinsedag. Måndag 28. mai blir siste spelekveld før sommaren, som vanleg med årsmøte i forkant av spelinga.
Juniorklubben har sin siste spelekveld før sommaren komande fredag. Vi speler på biblioteket med start kl 18. Det blir speling og litt planlegging av hausten.
Det blir satt opp minibuss til Rubbestadneset Kr. Himmelfartsdag til maibridgen. Vi reknar med at alle påmeldte frå Os vil vera med, men gje ein lyd til Tor Anders så han får ført deg "inn i manntalet". Bussen har plass til 16. Ledige plassar blir tilbode spelarar frå andre klubbar i området.