Haustens andre simultanturnering blei spelt måndag 21. oktober. Ulike par veksla på å leia denne kvelden, men etter at alle spel var ferdigspelt var det Anne Merete Heggland og Torhild Rasmussen som hadde best score – ca 60 %. Tett bak fulgte Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit med 57,8. To par delte tredjeplassen; Leif Juvik - Olav Monstad og Tor Anders og Thea Hauge.
Resultat på landsbasis er no klar. Her er dei, Anne Merete og Torhild best av våre med 5. plass
Dei tre neste måndagane speler vi klubbmeisterskap, og måndagen deretter går haustens siste simultanturnering (men MP-treff kjem i tillegg som vanleg – første veka i desember).
Hugs turen til Herdla 11. - 12. januar (OBS dette er riktige datoar). Til no er 9 påmeldt – Leif, Wenche, Elisabeth, Ole, Laila, Gerd, Linda, Torhild og Anne Merete. Påmelding til Anne Merete.