31 par stilte til start då den tradisjonsrike juleturneringa vår blei spelt søndag 30. desember. I eit rimeleg sterkt felt blei det til slutt Arild Rasmussen - Stig Gamlemshaug som vann. På dei neste plassane fulgte favorittpar på rekkje og rad. Nummer to blei Roger Træet - Øyvind Haga og tre Erik Eriksen - Finn Fyllingslid.
Både Arild og Stig har vunne turneringa fleire gonger tidlegare, men aldri saman. Begge har tre sigrar sidan årtusenskiftet og kanskje enno fleire før den tid.
Os BK ynskjer riktig godt nytt år til alle og velkommen tilbake til ny juleturnering neste år. Bilete av vinnarparet under. Arild Rasmussen til venstre, Stig Gamlemshaug til høgre og Anders Johansson som stod for premieutdelinga i bakgrunnen. Fleire bilete frå turneringa ligg i Facebookgruppa vår.