Første kveld av klubbkampen mellom Os og BAK blei spelt måndag 15. april. 28 par stilte til start, og beste par blei Tor og Christian Bakke med + 152, over 74 % score. Andreplassen gjekk til Anita Evertsen - Dag Inge Torgersen med + 77, eit poeng framfor Sven-Olai Høyland - Karlis Dolietis på tredjeplass. Beste ospar for kvelden blei Kåre Kristiansen - Unni Skreslett på delt fjerdeplass.
Mellom klubbane har BAK tatt ei klar leiing med + 188 poeng og Os tilsvarande minus.