BAK leier pokalkampen – Jørn og Joleiv toppa første kveld
Første kveld av Pokalkampen mellom Os og BAK blei spelt måndag 31. mars. Det var speling på Os først i år, og vinnar av kvelden blei Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit med 67,2 %. Sven-Olai Høyland - Hilde Larsen blei nummer to med 64,8 %, og tredjeplassen gjekk til Frode Dyrstad - Tor Anders Hauge med 61,5 %.
Samanlagt har BAK tatt ei klar leiing med + 198 poeng. Os har minus 218. (Heggland/Andreassen utgår frå samandraget).
Pokalkampen blir avslutta med speling på Studentsenteret komande måndag – 7. april. Også spelarar/par som ikkje spelte første kveld kan spela. Spelinga startar presis 18.30 på Studentsenteret. Dei som ynskjer skyss kan møta ved Kyrkjetunet kl 17.30.