BAK vann Pokalkampen- Sven-Olai og Hilde beste par samanlagt
Andre kveld av årets Pokalkamp blei spelt måndag 7. april. BAK leia kampen klart etter første kveld, og auka den på heimebane. BAK vann dermed årets Pokalkamp. Resultatliste samanlagt parvis er ikkje rekna, men av dei som har spelt begge kveldane er Hilde Larsen og Sven-Olai Høyland klart best med 64,8% score første kveld og 65,0 % andre.
Spelinga på Studentsenteret var og simultanturnering. Resultat på landsbasis blir oppdatert her. Endeleg resultat er truleg klart tysdag ettermiddag
Vi speler som vanleg måndag 14. april. Skulle det vera BAK-spelarar som les dette må dei og gjerne møta i Eldresenteret kl 18.30 neste måndag. Vi har plass til alle som ynskjer å spela.