BAK vann pokalkampen - Tor og Christian Bakke toppa individuelt
Pokalkampen mellom Os og BAK blei avslutta med speling på Os måndag 22. april. 23 par stilte denne gongen, og som første kveld blei det siger til Tor og Christian Bakke. Gunnar Klette - Ann Johannessen blei nummer to og Lisbeth Glærum - Kenneth Edvardsdal blei tre. Beste ospar blei Bjørn og Thea Hauge på femteplass.
Mellom klubbane vann BAK klart begge kveldane og dermed pokalkampen. Har ikkje rekna samanlagt individuell liste, men den er sjølvsagt toppa av Bakke-Bakke som vann begge kveldane.