Os BK si tradisjonsrike juleturnering blei spelt søndag 27. desember. Turneringa er etter kvart blitt svært populær, og vi måtte denne gongen stoppa for påmeldingar halvanna veke før speledato. 36 par er max i Eldresenteret utan og å ta ibruk salongen som spelelokale.
Tor og Christian Bakke, Bergen Akademiske BK, kom ganske tidleg til tet, og etter det snudde dei seg ikkje tilbake. 66,0 % score blei det til slutt. Arild og Jonny Rasmussen, også dei Bergen Akademiske, blei nummer to med 61,1 %, og på tredjeplass kom Trond Are Nitter - Rune Wichmann Haldorsen frå Rubbestadneset BK med 60,4 %.
Tor Bakke (til venstre) og Christian Bakke vann juleturneringa i suveren stil. Her frå premieutdelinga med premieutdelar Linda Rasmussen.
Turneringa blei som vanleg leia på ein framifrå måte av Leif Gunnar Kleppevik. Vi takkar alle for frammøtet og ynskjer vel møtt til ny juleturnering på Os neste år.