Måndag 21. november var det landskamp mot Sverige som stod på programmet. Ein stor delegasjon frå Austevoll gjorde at vi var sju bord denne kvelden. Takk for besøket, og velkommen igjen. På lokalplanet var det Bjørn Hauge og Frode Dyrstad som gjorde det best med 62,4 % score. Det heldt til 7. plass i landskampen der 991 par deltok. Andreplass lokalt blei det på Per Skotheim - Hans Victor Koch med 57,1 % og tredje til Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 56,7 %.
Landskampen blei òg filma av Os og Fusa-TV. Kortid den kjem ut der er uvisst, men det er bare å sjekka innom med jamne mellomrom. Link til innslaget blir og lagt ut på sida her.
Neste måndag er det vanleg speling før vi måndagen deretter speler MP-treff.