Siste spelekveld før påske blei spelt måndag 10. april. Det var kun tre bord som spelte denne gongen, så då blei det spelt IMP over feltet. Suverene vinnarar blei Bjørn Hauge og Frode Dyrstad som vann med over 100 poengs margin til Kåre Aasen - Tor Anders Hauge på andreplass. Jørn Rekkum - Dag Christensen blei nummer tre.
Frå siste runde. Tor Anders og Kåre hadde ein ørliten sjanse til å henta inn nok poeng til å gå forbi, men Bjørn og Frode held lett unna til ein suveren siger for kvelden.
Neste måndag er 2. påskedag og spelefri, men måndagen etter speler vi som vanleg. Då går sesongens siste simultanturnering.
NB! Nordisk meisterskap for ungdom blir spelt i Oslo i påsken. Både Thea Hauge og Carl-Otto Curran speler der. Meisterskapet startar fredag klokka 0900 og det blir BBO frå to bord gjennom heile turneringa. Det burde absolutt vera sjansar for å få sjå både Thea og Carl-Otto live denne påsken. Vi ynskjer begge lukke til og kryssar fingrane!