Bjørn Hauge og Frode Dyrstad viste seg nok ein gong best. Måndag 6. mai scora dei + 113 (IMP over feltet) og var med det langt framfor Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med +27. Tredje gjekk til Tarjei Vangdal - Marit Havelin med -2.
Vi speler som vanleg dei to neste måndagane. Måndagen deretter; 27. mai blir siste spelekveld med årsmøte.
NB!. Klubben er påmeldt til «Liv på Torgfest» laurdag 25. mai. Der får lag og organisasjonar i Os og Fusa høve til å visa fram aktiviteten sin. Arrangementet går frå klokka 11 - 14. Vi håper flest mogleg kan vera med desse timane på Osøyro. Også Os juniorbridgeklubb kjem til å vera med her.