Største parturnering på desse kantar av landet, Storturneringen, blei spelt helga 17. - 18. januar. Som vanleg blei det spelt i to grupper, Mester og A. Ingen frå Os stilte i Mestergruppa, men i A var det fleire med.
Best resultat oppnådde Joleiv Midttveit - Bjørn Hauge. Etter å ha kjempa i tetstriden gjennom heile turneringa enda det til slutt med ein fin 6. plass. Tor Anders Hauge - Reidar Dale blei nummer 13, og Thea Hauge - Marte Haugen Klingen nummer 32.
75 par deltok i årets Storturnering, 32 i Mester og 43 i A-gruppa.