Bjørn og Joleiv med sterk 4. plass under Storturneringen
Bergen Akademiske BK si Storturnering blei spelt helga 18. - 19. januar, med god deltaking frå Os. Ingen par frå Os i mesterpulja i år, men i a-pulja med heile 54 par til start blei det oppnådd gode plasseringar. Aller best plassering blei det på Joleiv Midttveit og Bjørn Hauge med ein finfin 4. plass. Premie blei det og til Kåre Kristiansen - Leif Juvik på 13. plass. Takk til BAK for ei finfin turnering, og spesielt Kine Tveten for bilete.