Sesongens første simultanturnering blei spelt måndag 22. september. Lokalt på Os blei det ein kamp mellom to par, som til slutt blei vunne av Bjørn og Thea Hauge med 68,8 % score. Frode Dyrstad - Dag Christensen blei nummer to med 67,2 %, og Reidar Fosse - Gunnar Holm tre med 51,0 %.
Tysdag ettermiddag manglar framleis resultata frå to klubbar, men Bjørn og Thea ligg så langt an til andreplass på landsbasis. Frode og Dag ligg også an til ei fin plassering, førebels nummer 6. Her er link til førebels resultat
Spelinga held fram kvar måndag framover. Hugs tre ting; Reklamer for lynkursa, turen til Herdla i januar og juleturneringa 28. desember.