Ein stor gjeng frå Os Bridgeklubb hadde tatt vegen til Austevoll og Bekkjarvik Gjestgiveri laurdag 27. april for å spela «Bridge i Havgapet». Heile 36 par deltok i dette som var første utgåve av turneringa. Beste par få Os blei Randi Nyheim og Stig Gamlemshaug. Det blei 5. plass til dei. Nummer 13 blei Leif Juvik og Frode Dyrstad, medan Thea og Bjørn Hauge blei nummer 15. Vann gjorde Christian og Tor Bakke frå BAK.