Siste spelekveld før sommarferien blei spelt måndag 28. mai. Vi var kun tre bord så det blei IMP over feltet denne gongen. Vann gjorde Carl-Otto Curran og Reidar Dale med +158. Dag Christensen - Anne Merete Heggland blei nummer to med +63, og tredje gjekk til Bjørn Hauge Frode Dyrstad med 0.
Som vanleg hadde vi årsmøte før spelinga siste kveld før sommaren. Tidlegare utsendt årsberetning blei vedtatt. Den kan òg lesast her
Styret for neste sesong er det same som forrige sesong: Leiar Anders Johanssen. Styremedlemmer: Reidar Dale, Linda Rasmussen og Leif Juvik. Revisor: Kåre Kristiansen. Valkomite: Bjørn Hauge og Frode Dyrstad.
Første spelekveld til hausten blir måndag 13. august. Vel møtt då, og god sommar til alle.