Carl-Otto Curran og Reidar Dale vann spelinga måndag 11. desember med knapp margin. 60% blank stoppa dei på, medan Kåre Aasen - Joleiv Midttveit blei nummer to med 58,75%. Tredjeplassen gjekk til Elisabeth Østrem - Tarjei Vangdal med 55,2%.
Neste måndag er siste spelekveld før jul. Det blir singleturnering med matservering. Sidan det var ein del som ikkje kunne møta tidlegare blir det som vanleg start klokka 18.30.
Hugs påmelding til juleturneringa vår. Den går laurdag 30. desember med start klokka 11. Spelestad i år er sanitetshuset.