Første spelekveld denne sesongen blei spelt måndag 24. august. Det blei ein hyggeleg kveld med fleire nye fjes i salen. Vann denne gongen gjorde Dag Christensen - Anders Johansson med 68,3 % score. Nummer to blei Bjørn Hauge - Olav Monstad med 64,2 % og tredjeplassen gjekk til Anne Merete Hegland - Torhild Rasmussen med 59,2 %.
Vi speler som vanleg neste måndag, men for dei som ynskjer blir det «Bridge med Bjørn» klokka 18. Tema for halvtimen er ikkje klart, men vi oppdaterer så snart vi veit. Måndagen deretter går sesongens første simultan.