Første kveld av klubbmeisterskapet for par blei spelt måndag 20. oktober, og Dag Christensen - Frode Dyrstad fekk ein flying start med 71,4 % score. Andreplassen gjekk til Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 67,9 %, og tredje til Bjørn og Thea Hauge med 61,9 %.
Vi spelte og simultanturnering denne gongen, og det blir interessant å sjå kor høgt Dag og Frode kan nå på landsbasis. Her er link til resultata på landsbasis. Blir oppdatert etter kvart som klubbane sender inn resultat, og er truleg ikkje endeleg før onsdag.
Samanlagtlista for klubbmeisterskapet er ikkje så veldig spanande etter kun ein kveld, men her er i alle fall link til den. Klubbmeisterskapet held fram dei to neste måndagane.Også spelarar/par som ikkje har vore med frå start kan spela dei komande kveldane.