Tredje og siste kveld av klubbmeisterskapet for par blei spelt måndag 3. november, og Joleiv Midttveit - Jørn Rekkum vann kvelden med solide 69,3 % score. Reidar Dale og Tor Anders Hauge berga såvidt andreplassen med 55,7 %, ein halv prosent framfor Inger Marie Johansen - Vilhelm Berge på tredjeplass.
Samanlagt etter tre av tre kveldar blei Dag Christensen og Frode Dyrstad suverene vinnarar av årets klubbmeisterskap. 184,2 % oppnådde dei, noko som gjer ein snittscore på 61,4 % pr. kveld. Gratulerer så mykje til dei. Andreplassen samanlagt gjekk til Reidar Dale - Tor Anders Hauge med 167,0 %, og tredjeplassen til Bjørn og Thea Hauge med 166,1 %.