Simultanturneringa måndag 30. oktober blei ein jamn fight som Dag Christensen - Leif Juvik til slutt vann med 58,7% score framfor Joleiv Midttveit - Rune Fagerbakke med 56,3%. Tredjeplassen gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 53,1%.
Siste simultan før jul går måndag 20. november, men MP-treffen kjem i tillegg måndag 4. desember. Neste måndag speler vi som vanleg. Hugs påmelding til juleturneringa laurdag 30. desember, Herdla 13. - 14. januar og juleavslutninga vår måndag 18. desember; singleturnering med matservering.