NM for damelag blir arrangert i Oslo helga 11. - 12. mars. Turneringa har etter kvart utvikla seg til å bli ei av dei mest populære turneringane i Noreg. Pr. no, ca ein månad før påmeldingsfristen går ut er 33 lag påmeldt.
Også osdamene kjem til å stilla lag i år, truleg to lag. Pr. no har 8-9 sagt seg interessert i å vera med, men sidan kvart lag kan ha inntil seks spelarar er det plass til noken til. Torhild har all nødvendig info til dei som måtte vera interessert. Hotellbestilling bør gjerast innan 13. februar, så det begynner å hasta litt å få ting på plass.