Årest MP-treff blei spelt måndag 2. desember. Det blei tett i toppen denne gongen då to par hamna likt. Både Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen og Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg enda på 61,1%. Tredje gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 54,2%
Geo Tislevoll har skrive kommentarar til alle spela som blei spelt denne gongen. Her bør det vera mykje godt lesestoff. Kommentarane ligg på denne linken.
Resultat på landsbasis kjem her
Vi speler to måndagar til før jul. Neste måndag er vanleg speling, og siste kveld før jul blir det handicap-simultan.