Fleire spelarar frå klubben hadde tatt turen til Kristiansand for å spela Ruter7 Open helga 1. - 2. juni. Gode plasseringar blei oppnådd både i laurdags- og søndagsturneringa. Laurdagen var det Frode Dyrstad, som saman med makker Peder Andreas Scheie frå Norrøna BK, gjorde det best av våre. Dei blei nr 17 i feltet på 92 par.
Søndagen var det Elisabeth Østrem Over og Åse Bauge som var best. Dei blei nummer 9. 46 par deltok denne dagen.