Diskusjonen gjekk høglytt i bilen på veg utover laurdag om det var fjerde eller femte året klubben arrnagerte klubbtur til Herdla. Om vi blei einige er eg ikkje sikker på, men uansett – årets Herdlatur blei minst like vellukka som dei tidlegare uansett kor mange det har vore. Eit bilete frå middagen laurdag her.
Som i fjor blei det spelt tre turneringar. Først spelte vi ei lagturnering. Med fire lag på startstreken blei det tre lagkampar a 16 spel. Vinnarar av denne blei "Lag Kate" med Kate Fauskanger, Berit Grimstad, Elisabeth Østrem og Leif Juvik på laget. Etter middag blei det ei 20-spels singleturnering. Vinnar av denne blei Anne Merete Heggland framfor Laila Årland og med Gerd Nøttveit på tredjeplass. Til slutt blei det spelt ei 21-spels parturnering søndag føremiddag med trekt makker. Pallen her bestod av Torhild Rasmussen - Leif Juvik på første, Anders Johansson - Laila Årland på andre og Anne Merete Heggland - Berit Grimstad på tredjeplass.
Klubben har alt booka Herdla Gjestgiveri same helga neste år, så for dei som ynskjer å vera med 13. - 14. januar 2018 er det bare å sei frå.